Saturday, January 15, 2011

15) Litt meir nostalgi og einslags introduksjon til "Ferdafolk"

A)Litt meir nostalgi.
I utviklinga av spelskissene til "Tåkefyrstar og Røvarbaroner" (aka. Fantasifjas) har eg kasta meg inn i nostalgisk mimring omkring den tida då eg vart rekruttert til ei spelgruppe. Eg har freista huske dei ulike tinga ved rollespel som fascinerte meg i starten, kva eg tykte var spennande og kva som fekk meg til å halde fram med spelhobbyen.

Når eg no i seinare tid har tenkt tilbake på spelingane eg var med på som fersk rollespelar, så er ein av dei tinga som har brent seg fast konseptet med "Omvandrande Monster". Det var like intenst spennande kvar gong karakterane våre hadde gjort opp leir for kvelden - fordelt vakter for natta, og spelleiaren fann fram "Monster Manualen" og terningar, for å sjå om me fekk sove - og pugge formlar - i fred.

Etterkvart som me vaks til, og fekk meir elitistisk smak i spel, vart dei samme tabellane - ja heile begrepet "Omvandrande Monster" - noko me gremde oss over, og gjorde mykje narr av. Når eg no tenkjer på begrepet, eller mekanikken, så ser eg framleis alle dei fornuftige grunnane til å gå bort frå denslags støttehjul. Likevel så er det noko ved ideen som har vorte meir tiltalande igjen, og som lokkar til resirkulering, om ikkje anna enn som eit nostalgironisk sitat frå ein svunnen ungdom.

B)Introduksjon til Ferdafolk (i Grenselandet).
Som ein truleg kan slutte seg til, ut frå innleiinga, er "Ferdafolk" einslags versjon av "Random encounters"- tabellane frå D&D. 
Når ein fartar langs Heimvegen skal det, i følge prosedyra, jamnleg kastas for Ferdafolk. 
Enkelte plassar, som til dømes vertshus, ferger eller handelsplassar (sjå t.d. innlegga om "Bua" eller "Grindbu") skal det også kastas for Ferdafolk.
Om karakterane lagar leirplass tett opptill Heimvegen, eller nyttar bål, er det og mogelig at det kjem Ferdafolk rekande.

Plansjane og skildringane i dette innlegget (og prosedyrene, tabellane og listene som er under utarbeiding - og som vil bli presenterte etterkvart), kan nyttast som lesar eller spelleiar finn det riktig - ut frå sin eiget ønske, stil eller metode;

- som ein spelmekanikk som vert nytta akkurat slik den vert presentert i dette, og seinare blogginnlegg.

- som inspirasjon til karakterar og/eller statistar i spelleiars eigne historier.

- som utfyllande bakgrunnsmaterial for sandkasse eller kampanjespeling.

- som inspirasjon for spelarar når dei skal lage seg eigne roller.

- som fantaseringsgrunnlag for avanserte lesarar.

- som lettleste illusrterte tekstsnuttar for eventuelle ikkje- spelande lesarar. 

Her er nokre døme på Ferdafolkplansjene:


Akademikarar
Ferdinan Fivreld - Botaniker med forkjærlighet for nattsommerfugler.

Skildring: Ein mild og sart astmatisk botanikar som er på stadig jakt etter nye artar til obejktsamlinga si. Han har støvallergi, lese og skrivevegring, men elskar feltarbeid, ekskursjonar og campinglivet. Han vil, så ofte han klarer, vri samtalen over på sommarfuglar, og med smittande entusiasme gå inn i langdryge utgreiingar om dette ekstremt viktige fagfeltet.

Motivasjon: Oppdage nye sommerfuglartar og gjere verda oppmerksame på den viktige rolla desse nydelege skapningane har i naturen.

Ting og Tang: Han blir veldig fornerma om nokon kaller nattsommarfuglar (som tross alt utgjer over 90% av alle registrerte arter) for "møll". Han har ei omfattande objektsamling som sikkert er verdt ein god slant.
   
Gyda Gauss - Statistiker med feministisk agenda.

Skildring: På høge helar klaprar ho frå grend til grend for å samle inn data til det store prosjektet ho jobbar med. Ho er ein så målretta forskar at ho ikkje skyr noko middel for å få dei misandriske resultata ho leiter etter. Det at ho vert uglesett og kritisert av kollegaene sine bekreftar berre for ho at heile Riksakademia motarbeidar ho i ein fallisk konspirasjon.   

Motivasjon: I tillegg til at ho vil samle inn nok rådata til forskingsprosjektet sitt, nyttar ho også seg sjølv som instrument for å vekke sine undertrykte søstre på bekostning av mannsgrisbefolkinga.

Ting og Tang: Ho nyttar både "løpande protokoll" og "deltakande observasjon" for å tvinge fram dei sanningene ho veit skjuler seg over alt i verda. Veska hennes er full av notatbøker og inneheld og ei dagbok med mange pinlege detaljar.

Victor Vinkel - Skeptiker, geolog, kvistgjenger og idemotorikar.

Skildring: Med sjølvbevist skeptisk mine spradar Victor omkring i verda for å leite etter underjordiske kjelder og mineralforekomstar. På Høgskulen i Haugalandet sitt campus er han velkjent for sin høge treffprosent, og han meiner sjølv han har "evner" - og no leiter han berre etter data for å underbygge kvar desse evnene kjem frå. 

Motivasjon: Han vil finne ut av evnene sine, samtidig som han med filantropisk korrektheit vil nytte dei for å hjelpe folk som har bruk for dei.

Ting og Tang: Alltid hjelpsom, og er ikkje i stand til å takke nei om nokon ber om bistand, noko som gjer at han enno ikkje har komme seg ut av Grenselandet.  Har eit rikt arsenal av ønskekvistar, søkevinklar og andre merkelege reidskap.

Eventyrarar
Bjarne Buskard - Buskgaldrer på flukt, med stjelt skriftrull.

Skildring: Denne forskremte trollmannen er på konstant flukt frå ein, eller fleire, folk han har knabba noko frå - og mistenker alle han møter for å være i ledtog med dei mange fiendane han har skaffa seg. Samme kor mykje trøbbel han hamnar i, så klarer han ikkjekvitte seg med uvana å stikke dei klamme klåfingra hendene sine borti alt mogeleg han ikkje burde røre.
  
Motivasjon: Halde seg i live til han kjem seg i sikkerheit, og leve lykkelig til sine dagars ende på pengane han skal tene på å selge alt tjuvgodset han har grafsa til seg. Ellers vil han stjele fleire ting, eller eventuelt freiste selge tjuvgods til overpris.
  
Ting og Tang: I tillegg til ein veldig verdifull skriftrull har han innerlommene fulle av verdifulle ting han har stjelt. 

Krokar: Vil nytte ein kvar mogeligheit han har til å lette Spelar - og spelleiarkarakterar for ting han trur er verdifulle. Om han skulle klare å selge noko til spelarkarakterar er det verd å merke seg at eigarane av tinga stadig leiter etter dei, og har ein tendens til å dukke opp når ein minst ønsker det.

Ronald Rosenkvist - Velbemidlet huleutforsker og skattejeger.

Skildring: Sidan han vart født inn i det berømte Rosenkvistdynastiet har han aldri trengt å tenke på pengar. Etter ein beskytta oppvekst på kortklipte plenar, innanfor høge murar, på det storslåtte Rosenkvistgodset har han nytta heile ungdommen på farefylte eventyr. Skattane han finn delar han med lokale trengande, og er i ferd med å få eit godt rykte som velgjerar. 

Motivasjon: Utforske kvar ein krik og krok av verda, og oppleve så mange heseblesande eventyr som mogeleg. Distansere seg frå den makt- , og pengegriske familien sin.

Ting og Tang: Vil agressivt avhøyre alle han møter grundig, i håp om at dei veit om eit nytt eventyr han kan legge ut på. Kan lett komme på kant med folk som har noko å skjule! Han har alltid ein masse gull i pungen, og rikeleg med mat i veska.

Krokar: Har ein tendens til å "ta kontroll" over eit kvart eventyr han får snusen i, og gjer alltid ting på "sin måte". 

Gudmund Gullhår - Den sløveste, men heldigste, kniven i skuffa.

Skildring: Denne nyttige idioten slentrar på slump omkring i verda og dumpar stadig borti nye eventyr. Uansett kor farlege dei halsbrekkande situasjonane han rotar seg borti er, så løyser det seg alltid til slutt - heilt ufortjent sjølvsagt! Dei fleste forklarer denne evna hans med at han er for dum til å skjønne kor farleg situasjonane er, noko som eigentleg stemmer riktig så godt. 

Motivasjon: Det som skjer, det skjer, men han har aldri reflektert over kvifor. Som ein barkebåt i livselva følger han straumen dit den måtte føre han. 

Ting og Tang: Han har alltid pengar i pungen, mat i skreppa og vin i feltflaska - og lar seg, med eit stort smil, gjerne utnytte på det grovaste. Likevel er det alltid han som ler sist… men heilt utan skadefryd sjølvsagt. 
Eventyrersker
Berit-Nancy "Frk. Detektiv" Blondbakken - Smart og sjarmerende profesjonell problemløyserske.

Skildring: Den snarrådige og sjarmerande Berit reiser frå bygd til bygd, løyser mproblem og oppklarar mysterier. Med glimt i auget hamlar ho opp med skurkar, urokråker og bandittar på ein måte som får det til å sjå lett ut. Ho har også for vane å ufrivillig knuse minst eit unggutehjarte på kvar plass ho er innom - medan ho sjølv enda ventar "på den rette". 
.
Motivasjon: Bekjempe urett, opprette lov og orden - og på sikt kanskje finne den store kjærleiken. Vil alltid halde med dei svakaste, og mest trengande i samfunnet.

Ting og Tang: Ho har sekken full av takkegåver, både verdifulle og symbolske. 

Ølgjerd "med øksa" Øksnes - Amper og aktiv feminist på eventyr.

Skildring: Dette er ei verd skapt av ein mann, for menn - og som kvinne må ho jobbe minst dobbelt så hardt som mennene for å lukkast - noko ho også gjer. Dette har gjort henne til den beste krigaren i heile tåkeheimen, og sjølv dei barskaste karane respekterer henne. Ho selg, heilt utan skruplar, tenestene sine til høgstbydande - og er tvers gjennom proffesjonell. 

Motivasjon: Tene til livets opphald ved å væra den beste krigaren i verda - samtidig som ho framstår som kvinneleg og sexy!

Ting og Tang: Ho ikler seg alltid ringbrynjer - og tilbehør - av siste mote, og alle våpena ho nyttar er spesiallaga for henne- med ein klar feminin stil. Ho har alltid med seg ei bugnande sminkeveske, fleire flasker eksklusiv godlukt og ein verdifull sølvkam. 

"Vakre Vera" Valkenskiold - Overbevisende, hardtslående og mistenksom eventyrerske

Skildring: Alle i Tåkeheimen har høyrt ryktet om "Vakre Vera", og alle vert like overraska når dei møter ho for første gong. Med merkelege proposjonar kjem ho trampande langs vegen, og ein skjønar raskt at her er det best å halde tunga rett i munnen - og vege orda sine på fjærvekt. 

Motivasjon: Behalde sin gode figur, og halde på sitt gode namn og rykte. Mesteparten av tida er ho ute på hevntokt for å "ta" nokon som har snakka stygt, eller som har spredd "usanne" rykte om ho.På fritida likar ho å knuse framande menn i handbak og eller barslagsmål.

Ting og Tang: Vera tolkar alt i værste meining - og argumenterer best med nevane. Sverdet og skjoldet har ho arva frå mor si, "Nydelege Nina" - fysikken har ho arva etter far sin.  

Krokar: Om spelarkarakterar skulle være så uheldige å fornerme ho, er det greit å merke seg at Vera er veldig langsint, og ho  har ein tendens til å dukke opp på værst tenkelege tidspunkt - for å "gjere opp".

1 comment:

  1. Nydelige figurer! Morsomme, og fulle av gode ting å spille på!

    ReplyDelete