Sunday, November 28, 2010

8) Under lupa…

Ut frå statistikken for sist veke kan eg med glede lese at det faktisk finnes eit par folk der ute som følger med på det eg skriv! Det er stor stas, så derfor held eg fram:D

Først litt frå røynda; 
Det har vore ei travel veke, plutseleg er det søndag ettermiddag att, og derfor på høg tid å skrive eit nytt innlegg, for eg trur nemmeleg at ting som regelmessige oppdateringar kan være med på å halde på lesarane… 

Den siste veka har størsteparten av tegnetida mi gått med til å tegne figurar til delprosjektet eg skreiv om i innlegget "6) Røynda" , og i skrivande stund er 23 slike halvsider ferdig tusja og scanna. Om nokre veker har eg tenkt å presentere dette delprosjektet meir inngåande, men eg føler at det er ein del andre ting som må skrivast om først…  

Vidare i dette innlegget vil eg halde fram med å skrive om arbeidsprosessen, med utgongspunkt i innspela frå brukarane på Hyperion- forumet. 


"Fri Flyt- fasen":
Som antyda i tidlegare innlegg så la eg, i dei første åra med arbeid, ingen band på meg i forhold til kva eg valgte å jobbe med på Fantasifjas- prosjektet. Den eine ideen var i prinsippet like god som den andre. I praksis førte det til at eg den eine dagen kunne arbeide med "Den store fortellinga", den  neste dagen kunne gå med til å utforme "Dampdepartementets organisasjonsstruktur", for så å hoppe over på lister over "ferdigheiter som passar for Filosofar i Storebroprosjektet", og så å bruke heile veka etter til å fabulere fram den merkelege sirkusbyen "Triangelurum, i Tåkefyrstedømet Elvheim". 

"Ovenfra og Ned- fasen":
På nyåret i 2009 byrja eg bli klar for å skifte arbeidsmetode, frå rein inspirert idemyldring - og organisering av idear i etterkant - til eit meir presentasjonsretta fokus. Etter litt prøving og feiling gjekk eg for å velge ut ein region som eg konsentrerte meg om, og forsøke beskrive denne - i tekst og illustrasjonar - med ein baktanke om at materialet eg produserte skulle ende opp som einslags presentasjon. 

Først starta eg med eit oversiktskart over hovudlandmassen, med vekt på "Det Staselege Riket":



Så var det berre å finne fram forstørrelsesglaset! Ut får notata minne på det som eg har kalla "Den Store Fortellinga" var det naturleg å fortsette med å teikne eit oversiktskart over Fyrstedøma i regionen som går under namnet "Tåkeheimen":

Vidare bestemte eg meg for å ta for meg regionen der det som kan kallast starten, sjølv om dette med "start" sjølvsagt er noko som kan problematiserast og diskuterast i det uendelege, på "Den Store Fortellinga" gjekk føre seg; "Tåkefyrstedømet Elvheim":

Når geografien i Elvheim var på plass byrja eg med eit delprosjekt som eg nytta mesteparten av hausten 2009 på: 

"Ballongmaleri i Solnedgang". 
Eg såg for meg eit scenario der det kjente landskapsmålar- radarparet Thorstein Tiedemand og Guldebrand Guude vart hyra inn av "Rikskartverket" for å lage ein påkosta serie landskapsmaleri av dei viktigaste bygdene og byane i Fyrstedømet Elvheim. Til saman 16 slike oversiktsbilete vart teikna den hausten (markert på Elvheimkartet med raude sirklar) og i seinare tid har eg supplert med enda fleire. Her er nokre eksempel på korleis dei vart sjåande ut (markerte med orange bokstavar på kartet):  

A) "Munning"

B) "Triangelurum" (sidan den byen vart omtala over i teksten):



C) "Nye Elvesalen"



I dette delprosjektet la eg hovudvekta på "skildring". Eg skildra landskap og busetnad gjennom illustrasjonar, og eg skildra ting som folkeferd, folkekultur, styresett og historie som tekstmasse, men det mangla enda mykje før eg følte materialet var "presentabelt". Det eg hadde laga var vel eislags "sourcebook" for regionen, men utan å ha noko spel å knytte den opp mot… noko som førte meg over på enda eit delprosjekt; "Grenselandet" (markert med ein grøn sirkel på kartet), noko eg vonar å freiste beskrive det nermare i neste innlegg.

Forresten: om du som leser dette finn skriveriene mine interessante, så vis det gjerne med litt tilbakemelding... det vert alltid sett pris på!

Sunday, November 21, 2010

7) Vits og Form.

For nokre dagar sidan kunne eg lese av statiskikken at bloggen igjen hadde vorte lest. Som om ikkje det var nok hadde fleire av dei, ut frå slik eg har forstått det, leiande stemmene i rollespelnorge (i alle fall på Hyperions webforum) komme med tilbakemelding på Fantasifjas- tråden eg posta der. Slikt inspirerer!

Basert på desse tilbakemeldingane er det fleire ting eg kan ta tak i, og skrive om, i dei neste blogginnlegga. Ei av dei mest interessante problemstillingane som kom fram er spørsålet:  

"Kva er vitsen?"

Dette er eit relevant spørsmål som kan stillast til det meste her i livet, og du kan tru eg har vridd hjernen min og grubla på akkurat det… Men i dette innlegget får eg konsentrere meg om det litt meir avgrensa: "Kva er vitsen med dette verdsbyggeprosjektet du puslar med?" 

Eg har stilt, og stiller, meg dette spørsmålet med jamne mellomrom, og kvar gong har svaret vorte litt anleis enn sist eg pønska på det. Likevel er det enkelte moment i svaret som er temmeleg like frå gong til gong, og som eg ikkje kan sjå bort frå...
For det første føler eg at eg har:

- Noko på hjartet
Eg har ein del tankar eg har lyst å dele med folk. Eg kunne nok ha jobba med desse tankane innanfor heilt andre uttrykk enn "fantasifiksjon", til dømes ved hjelp av; songtekstar, artiklar, essay, videobloggar og så vidare, men det er noko forlokkande i å tilnærme seg dette via ei fantastisk verd. Eg har stadig opplevd at når eg freistar å snakke om komplekse, og gjerne snedige, samanhengar (som eg meiner eg ser!), så strandar desse i møte med rigide taldata, popularisert propaganda og drepande kalde fakta. Dette er eit av dei store problema når ein skal seie noko om samfunnet vi lever i, det at det "alltid er mange som veit mykje betre enn ein sjølv", enten dei har autodidakt eller formell kompetanse på området. Når ein oppererar i ei fantastisk verd, kan ein få fullføre tankerekkene sine, og ingen kan øydelegge det ved å seie at det er feil - sidan det jo berre er fiksjon.   

Og for det andre så er det vanskeleg å komme utan om: 

- Forfengeligheit
Eg har eit heilt klart ønske om å dele det eg lagar med andre. Med andre ord så gjer eg det ikkje berre for "kosen sin skuld" eller "skaping for skapinga si skuld". Fantasifjas er ikkje meint som eit prosjekt for skrivebordskuffen, men det gjenstår framleis ein heil del arbeid før det er presentabelt. 

Noko som leiar meg direkte over på det andre spørsmålet som er viktig å få avklart:

"Kva form skal ein velge?"

Forma er viktig - og forma ein velger vil på mange måtar også være styrande for mykje av innhaldet… 

På mange måtar føler eg at dette med form er sterkare knytta til presentasjonsbiten, enn til sjølve arbeidet med verdsskapinga. Verda veks jo stadig, i form av notater, tekstsnuttar, teikningar, kart og plansjar - og det er først når eg skal formidle dette til andre at det må pressast inn i eislags form. Likevel er ikkje forma uavhengig verda, og mange av ideeane eg har notert meg spring i utgangspunktet ut frå ei av formene. 

Til dømes kan eg nokre gonger komme på ein barsk "ferdigheit" (noko som er typisk speltekstmateriale) - men i det denne er notert, så kan den likevel presenterast i andre former enn speltekst. Eit anna døme kan være eit fantastisk "vesen" frå ein teikneseriesnutt, som gjerne er eit resultat av ein visuell ide, men som sidan kan konverterast til ord og tal i spelets mekanikk/motor. Både "ferdigheita" og "vesenet" kan beskrivast, og formidlast, i kva form eg måtte ønske - men ideane vart til innanfor ein av dei ulike formane eg jobbar i. På kvar sin unike måte bidrar dei ulike presentasjonsformene til å levandegjere verda eg bygger. 

I praksis betyr det at når eg får ein ide vert den plassert - eller eigentleg skapt - i ei av formene under: 

- Teikningar. Kart, Natur, Byar, Plassar, Folk, Dyr, Monster, Gjenstandar…

- Spel. System, Mekanikk, Motor, Prosedyrer, Ferdigheiter…

- Teikneserier. Karakterar, Plassar, Stemninger, Historier… 

- Tekstmasse. Notater, Utgreiingar, Skildringar, Stemningar, Historier…

Eg vil avslutte dette lange innlegget med å vise eit døme på korleis dette samspelet kan fungere i praksis:

"Historia om korleis Grønnskollingane vart skapt"
Eg dreiv å leika med ulike ord og festelege ordsamanstillingar medan eg noterte stikkord i skisseboka mi, og plutseleg var ideen der: "Grønnskollingar"! Så snart sjølve ordet var notert byrja eg skisse idear til korleis dette vesenet skulle sjå ut, og samtidig som det tok form måtte eg stadig bort i margen for å noterte vidare stikkord omkring personlegdom, temepament, habitat, funksjon og utbreiing. Til slutt knytta eg vesenet meir opp mot spelmekanikk, fann fram Rune Quest boka mi, og leita fram nokre brukbare "stats" eller "tal" for å skildre det.

Ideen till "Grønnskollingane" vart alltså til tekstleg, men idéen vaks raskt i samspel med illustrasjon og meir spelmekanisk tenking. Eg likte ideen såpass godt at eg ville vise den fram umiddelbart, og som presentasjonsform valde eg å nytte den eg følte meg sikrast på; Teikneserien. 

Eg kan sikkert beskrive serieskapeprosessen nøyare i eit seinare blogginnlegg, men kort fortalt jobba eg inbitt inspirert frå fredag ettermiddag til søndag kveld, og så posta eg resultatet på "Nettserier.no" - som eg pleier gjere med seriar eg skaper. Sidan ingen på Nettserier kjente til Fantasifjas, freista eg lage ei universell historie som kunne fungere utan kjennskap til verdsbyggeprosjektet mitt, men som samtidig var proppfult av referansar og informasjon om det. 





Serien vart forresten vellykka nok til at den vart plukka ut til ein nynorsk tegneserieantologi, utgitt av Nynorsksenteret ved Høgskulen i Volda; "Nynorskopplæring nr.7 - Teikneseriespesial - vinteren 2009/2010", og er å finne på ein del av skulebiblioteka omkring i landet. Det ironiske med dette er at "Grønnskollingen", og verda eg ville vise fram, har vorte lest av relativt mange - men likevel har ingen av dei kjennskap til Fantasifjas - og alt arbeidet som ligg bak!D


Sunday, November 14, 2010

6) Røynda

(14.11.2010, i den verkelege verda!)

Ut frå statistikksida på denne bloggen ser eg at det den siste veka har vore 5 sidevisningar. Ikkje akkurat noko å glede seg over, men samtidig ganske forståeleg. Ikkje eingong eg hadde vorte motivert til å følgje med på bloggen når deberre inneholdt pretensiøse og kryptiske små tekstsnuttar. Som vanleg har eg berre meg sjølv å takke. Etter å ha fått lett veiledning frå ein bloggkollega - "gi av deg sjølv! folk vil ha sladder og vås…" - har eg tenkt å prøve med ei litt meir folkeleg og komersiell tilnærming i dette innlegget. Det er jo faktisk heile grunnen til denne bloggen også; "å øve meg på å skrive!". 

Så altså:
I går var eg på fest heime hjå nokre tidlegare kollegaer, drakk litt vin, åt tapas og fekk blande meg ein stram irish coffe frå vertane sitt barskap. Då eg seint på kvelden skulle ta bussen heim mista eg den med 2 minutt, og i staden for å vente ein halvtime på neste avgang, luska eg avgårde i duskeregnet. Etter nesten ein halvtime langs mørke gater på skumle Tveita, klarte eg å finne att Tbanen, og kom meg heim til den trygge vestkanthytta mi. Då eg vakna i dag var eg lett forkjøla og lett fyllesjuk, men i god nok form til å arbeide.

Det eg har jobba med i dag er illustrasjonar av figurar som skal befolke fantasiverda eg bygger. Detaljane i dette delprosjektet får vente litt, men eg ser det mellombels for meg som presentert i zineformat, kvaliteten og formatet på tegningane vert deretter. Eg har allereie skissa over 40 halvsider (med 3 karakterer på kvar slik halvside) så dagens økt var rutinemessig tusjing. I staden for musikk hadde eg sesong 2 av "Primeval" surrande på dataen. 

I skrivande stund er eg ferdig med å tusje 5 slike halvsider - og er, med tanke på eigen almentillstand, nøgd med dagens produksjon. No skal eg drikke ein kopp sterk urtete, med melk og honning.

Tuesday, November 9, 2010

5) Retningar.

Det syder av liv der nede, og skaparen ser at det må vere ganske bra.
No gjeld det berre å gripe tak i noko, og så hale det inn utan at det flokar seg.
Kvar livstråd trekt ut av mylderet vert eit nøste med ein eigen farge.

Skaparen ser på alle pappeskene fulle av nøster.
Dei står lageleg til ved sidan av vevstolen.
Det er nok garn i eskene til fleire tepper.
Dei ulike mønsterskissene heng på veggen.

No gjenstår det berre å bestemme seg for kva mønster som skal vevast først.


Thursday, November 4, 2010

Ubehagelege sanningar.

Å skape ei fantasiverd må vera ei av dei tristatse, og mest alvorlege, formene for eskapisme ein kan drive med. At eit vaksent menneske skal bruke si dyrebare tid på noko så unyttig, spesielt når ein tenker på alt det fornuftige det heller kunne nytta tida til, er eigentleg berre trist. 

Det er og eit klart uttrykk for hovmod og eplekjekkheit, i og med at røynda stort sett alltid viser seg meir fantastisk, eller merkeleg, enn fiksjonen nokon gong kan bli.

Dessutan er fantasiverdsbygging, i eit større perspektiv, ein mykje meir destruktiv aktivitet enn til dømes missbruk av narkotika. Missbruk er noko som, i utgongspunktet, berre fangar enkeltindivid - medan ei velsmidd fantasiverd kan forføre og fange heile generasjonar. Tenk om ungdommen no til dags til dømes hadde nytta dei døgna dei ligg i kø for å skaffe seg kinobillettar, den tida dei bruker på å sy kostymer eller lære seg alvisk, på noko litt meir storsamfunnsnyttig… 
Kanskje kunne tida, engasjementet og energien deira - om den vart fokusert og kanalisert anleis - gjort verda til ein betre plass for fleire, slik at ein ikkje lenger trong flykte inn i alskens fantasiverder?

Vel vitande, eller med overlegg kan ein seie, held eg fram med den destruktive verksemda mi.

Innlegget tonar ut i svart, til lyden av ond latter.

Monday, November 1, 2010

Notat.

Først var det berre kaos.
Eit sydande kaos av idear som svirra omkring i fantasien min.

Som den skapende krafta i denne fantasiverda, så var det mi oppgave å få litt orden på sakene.

I starten fanga eg, heilt ukritisk, små idear ut frå kaosmylderet, som eg så noterte omhyggeleg på papir. Eg gav meg ingen føringar på notatverksemda, og den eine ideen kunne kanskje være like god - eller viktig - som ein annan ide. 

Når ein ide var notert, så følte eg at eg hadde kontroll på den.

Etter kvart som bunken ark med tilfeldige notat sakte, men sikkert, vaks, så merka eg at eg like sakte, men sikkert, var i ferd med å miste den oversikta eg hadde laga meg. Det var ikkje til å komme utanom; 

Her måtte det systematiserast.

Dermed var to av dei drivande kreftene i fantasiverda isolert, og på snedig metavis, erfart; 

Kaos og Orden.