Thursday, January 13, 2011

13) Trollpakk

Eg trur ikkje det har vorte sagt tydeleg til no i bloggen - at grendene, eller plansjane, som har vorte presentert IKKJE er scenario. 

Det er ikkje meint at ein skal "spele" dei slik dei er presentert, men at dei skal fungere som bakgrunn for tydeligare utbroderte scenario. 

Dette er også grunnen til at ei (uferdig) scenario/kampanjeskisse vert presentert no - for å gi eventuelle lesarar eit "perspektiv" å lese dei vidare, eller tidlegare, plansjane med. 

Når, eller kanskje heller om, du følger bloggen vidare kan du gjerne ha denne kampanja i bakhodet…
- Korleis ville Folk Flest reagert om det merkelege følget skissert under hadde komme slentrande inn i grenda deira?
- Er det nokon som kunne hjelpt dei? 
- Er det nokon som kunne skapt trøbbel for dei?

Kampanjeskisse: Trollpakk
Dette er, som sagt, berre ei skisse. 
Det er enda ikkje posta nok informasjon, hverken om verda - eller systemet - til at det eigentleg er mogeleg å spele.
Fleire stader i teksten vert det referert til reglar/system/setting som enda ikkje er presentert.

Synopsis.
Karakterane må føre eit eksemplar av den vemmelege, og plagsomme, arten Trollpakk frå heimgrenda si, heilt sør i "Grenselandet", og opp til "Trollbyen" i Tåkefyrstedømet "Huren Luren". Undervegs støter dei på alskens underlege Ferdafolk som rek langs vegane, og ei rekke snåle eksemplar av Folk Flest og andre Lokale Heltar i grender og bygder. 
Vil dei klare å gjennomføre den episke reisa før hausten, og tåkesessongen, startar? 

Karakterar:
Om ein skulle ha spelt denne kampanja "seriøst" trur eg eigentleg det ville vore best om spelarane skapte sine eigne karakterar frå grunnen av. Karakterane under er derfor berre å rekne for skisser, eller helst, mulige karakterar - samstundes som dei seier noko om ungdomskulturen i regionen.
Karakterane i denne kampanjen skal være naive ungdommar med begrensa kunnskap om verda dei må reise gjennom, utforske og oppleve - og passar derfor bra som einslags introduksjon til "Tåkefyrstar og Røvarbaronar"- settingen (aka. Fantasifjas). 

1. "Lykke Liten", eit sultent eksemplar av Trollpakkslekta (Spelleiarskapning).
Lykke Liten vart funnen av Herr og Fru Krikrokli medan det berre var eit lite knøtt, og det aldrande barnlause ekteparet falt pladask for den lille hjelpelause skapningen. Sakte men sikkert har Lykke ete det som er å ete på garden, inkludert Fru Krikrokli, men er framleis svolten.

2. Kari Kroken utkledd som " Hei, Bamsebjørn", i ein heimesydd pels- heildress, - og Kristin Krokbu utkledd som OC (orginal karakter) "Linda Lolitakanin".
Dette er to sprudlande og energiske jenter som likar gutar, handarbeid, eventyrkrystallar, fart og spenning. Dei har begge bein i nasen, sterke meininger og skingrande høge stemmer. Dei er utprega sosiale vesen, og er dei naturlege leiarane for gjengen. 

3. Tåkeløparlerling Kathrine "Katten" Kroken i heimesydd pels- heildress.
Den stille, seriøse og mystiske jenta som fungerer som ein snusfornuftens motvekt til dei to lyserosa venninnene. Dette er og karakteren som stadig overraskar med skjulte evner, stort mot og gode løysingar på problem.

4. Kalle og Kjetil Kroksvingen, begge i heimesydde Naturtro- kostymer.
Desse umodne kjekkasane har forspelt seg på eventyrkrystallar, og draumer om å bli like store krigarar som Naturtro, helten frå favoritteventyrkrystallserien deira. Det gjenstår enda å finne ut om dei berre er skrythalsar, eller om dei er like barske som dei hevdar å være. 

5. Buskgaldrer Bernard Burot, betenkt beskyttar av den kostymekledde ungdomsgjengen som må ut på eventyr (kan fungere som både spelar- eller spelleiarkarakter).
Lokal buskgaldrar som enda har mykje å lære. Glad i fred, ro, meditasjon og urtete. Denne tunge typen er også utstyrt med eit grueleg grettent gemytt og mangel på humor.  

Innleiande scener.
Det vil være naturleg å starte denne kampanjen med nokre faste scener, for å presentere setting, karakterar og sjølve scenarioet. Etter at desse "obligatoriske" scenene er spelte ut, er det meininga at spelgruppa må tilnerme seg verda ut frå skildringar og mekanikk beskrive i rettleiinga (eller bloggen, alt etter som). 
I utgongspunktet bør ein ha ei "sand box" tilnerming til verda. Kampanjen vert då ei "mogeleg retning" - eller ein "eventyrkrok" som spelarane kan velge om dei vil bite på etter at dei innleiande scenene er spelte.

Scene 1: "Leirbålsong".
Ei gruppe ungdommar feirar at semesteret på grendaskulen er over med å reise på campingtur i utmarka som omringer grenda dei bur i. Dei har med seg eventyrkrystallar, snop og energidrikke - og har store planar om å døgne minst to netter på rad. Det vil være naturleg at karakterane etter tur får litt tid til å presentere seg, skryte av eigne evner - og seie litt om kva dei draumer om å bli der i livet.

Scene 2: "Et rop om hjelp!"
Denne scena startar litt utpå natta, akkurat medan ungdommane er på sitt mest hypre. Medan dei driv og åmar seg omkring i soveposane eller heildressane sine - og lagar masse spetakkel, vert dei oppsøkte av ein gråtande bondekar som har høyrt ståket, og sett lyset frå bålet. Bondekaren, Hr. Krikrokli, forklarer hikstande at kona hans er vorte eten av eit Trollpakk. 
Han kan vidare fortelle at det har vorte sendt bod etter den lokale Buskgaldraren, og han lurer på om ungdommane kan hjelpe til med å halde kontroll på beistet til trollmannen er på plass. 
Den fortvila bonden, og historia hans, vert presentert - spelarane er meir eller mindre forplikta å bli med til garden hans for å ta i eit tak.

Scene 3: "Lykkelia"
Skildring av den vesle garden oppe i lia, der eit Trollpakk nett har ete bebuarane frå gard og grunn (Her må det såklart lagast ein plansje - etter samme mal som dei som er presentert tidlegare).
Skildring av det vemmelege Trollpakket, og avklaring av karakteranes umiddelbare reaksjon på dette (sjå tabell under).

Scene 4: "Mens me ventar på Burot"
Skildring av det døgnet det tek før buskgaldraren dukkar opp.
Scena kan med hell spelast/skildrast som ein "montasje" (slike som ein ofte ser på film).
Mykje av utfordringa i scena ligg i å skaffe nok mat til Lykke.
Forvikl gjerne med jamnlege kast for Ferdafolk, Lokale Heltar og/eller Monster!

Scene 5: "Buskgaldrarens Bønn"
Buskgaldraren dukkar endeleg opp, og forklarer at han nok treng hjelp av ungdommane.
- Trollpakket må følgast opp til Trollbyen i Huren Luren.
- På grunn av dei sterke følelsene, og reaksjonane, Trollpakk vekker hjå folk er det ikkje lurt å følge Heimvegane.
- Det vil måtte skaffas store mengder mat undervegs.
- Det er mogeleg at dei vil støte på fleire hindringar lenger oppe i Tåkeheimen, men buskgaldraren vil spele med korta tett, og berre antyde at det kanskje finnes "krefter" som vil være interessert i å gjere turen vanskeleg.
- Det vil sjølvsagt bli lokka med ei stor belønning for vellykka oppdrag.

Scene 6: "Valgets kval"
Skal dei verkeleg ta på seg det farefulle oppdraget? 
Spelarane grunnar og samtaler rundt leirbålet, og vert einige om kva dei skal gjere vidare.

Om Karakterane takkar ja til oppdraget: Ut på tur!
Spel reisa pertenteleg - dag for dag - i ønska system. 
Det vert jobba med å utarbeide eit sett "prosedyrar" for spel, som er meint å skulle fungere systemuavhengig, og som skal "bidra til grunnstemninga" eg er ute etter å skape. 
Desse prosedyrane som skal mellom anna ta for seg:
Reise, Kvile og Møter (av den tilfeldige sorten).
Eg vonar å komme tilbake med meir om dette seinare ein gong.

Om Trollpakk:
(Utdrag frå monstermaualen)
Trollpakk er enkle å kjenne att, både på den store hårmanken i grelle fargar, på det konstant salige gliset, men og på dei sterke følelsane som vert sett i gang hos alle som ser dei. 
Bortsett frå å stirre tomt ut i lufta, og smile fårete, gjer ikkje Trollpakk mykje anna enn å ete. Det er som om det ikkje er botn i dei, og det er nestan umogeleg å stille appetitten deira. 
Det finnest mange skrekkhistorier om stakkars bønder som har funne, vorte glad i, og teke til seg Trollpakk. Desse stakkarane har alle vorte ete frå gard og grunn - og når alt anna er fortært - enda som dessert.
Trollpakk er kjønnslause, og vert fødde - og sette ut i skogen - av ei Trollemor.

Trollpakk Reaksjonstabell (d100*@):
d100
Kjensle
Effekt
01 - 20:
"Mord i blikket" 
Karakteren får ikkje ro til sinns før den har laga hakkemat av dette motbydelege monsteret…
21 - 50:
"Er det ikkje deilig å ha nokon å hate?"
Karakteren utviklar umiddelbart eit intenst hat til denne slitsomme skapningen, og vil helst slippe sjå den… 
51 - 79: 
"For ein latterleg, komisk skapning…"
Karakteren klarer ikkje anna enn å le av denne stakkarslege skapningen, og skadefro byrjar straks pønske ut situasjonar den kan puttast i som gjer den enda meir komisk.
80 - 00: 
"Kjærleik ved første blikk <3"
Karakteren vert rørt til tårer, og vert varm i hjartet, av å sjå den hjelpelause og nusselege skapningen, og vil gjere alt i dens makt for at det skal ha det bra.
(* Kastet vert modifisert av relevante Eigenskapar og/eller Dugleikar).
(@ Kastet vert og modifisert av storleiken på Trollpakket, t.d.: - STOx2)

No comments:

Post a Comment