Thursday, January 27, 2011

17) Enda fleire Ferdafolk

Loffere
Rasmus "på loffen" Runde, rømling og hvetebrøds- dagdriver.

Skildring: Etter ein streng og ulukkeleg barndom rømte han heimefra, såg seg aldri tilbake og fann den store lykka langs vegen.  Der finn du han gjerne i bedageleg lunt, eller muligens sløvt slumrande på ein eller annan rasteplass. Om han har snubla over mat deler han generøst, eller tigg høffeleg om han manglar. Han er alltid, som han sjølv seier det; "på god veg til kor som helst".

Motivasjon: Å leve som ein fri mann lags vegen, å aldri gjere eit dugeleg dagsverk for føden og å spre glede og positivitet kor enn han kjem. Han har høgtideleg sverga å aldri klage over livet han har valgt - samme kor svolten, våt og kald han måtte bli.

Ting og Tang: Det Rasmus ikkje veit er at heime ventar det ein enorm arv han kunne levd som ein greve på, for resten av livet, utan å gjere eit dugeleg dagsverk. 


Bjørnfinn "Finn" Bærlyng, lurendreiar og lausgjengar.

Skildring: Straks ein ser han skjønar ein at det ikkje vert keisamt med det første. Det er overtydeleg at denne guten kjem til å finne på noko sprell, men stort sett skjønar ein ikkje kva sprell som gjeld, før han er over alle haugar. Stort sett er sprella ganske uskuldige, og det er vanskeleg å verte riktig sint på han, for det er noko tydeleg godt å skimte bak djevelglimtet i auga, og det smittande sleske smilet. 

Motivation: Ta ein dag om gangen - leve og le mykje. Skaffe seg så mange generøse og gjestfri "venner for livet" som mogeleg, og deretter besøke dei ofte, lenge og vel. Lande med smørsida opp enda ein gong. Oftast stjeler Finn like mykje for spenning si skuld, som av nøden.

Ting og Tang: Lever godt på lommetjuveri, epleslang og tjuvfiske - og har alltid ein matbite til overs i skulderveska si - og ein halvfull pengepung.

Stina Stigli, Søkende svermerske og fattigdomsromantikker. 

Skildring: Barbeint, og i det som eingong var hennar finaste lyseraude kjole, kjem ho tassande bortetter vegen på ein så ekte måte ho berre klarer. Stina er både sosial og kontaktsøkande, og meiner ferdafolket må halde saman. Ho vil raskt tilpasse seg dei ho møter, og enten herme etter dei ho meiner er meir hardbarka ho sjølv, eller rette velmeinande på dei ho føler er mindre hardbarka loffarar enn ho sjølv. 

Motivasjon: Å leve eit svært enkelt, men samtidig eit så koseleg - og ikkje minst autentisk - loffarliv som mogeleg. Hjelpe andre til å leve så riktig som mogeleg. 

Ting og Tang: Korga hennes ser alltid velfylt og bugnande ut, som på koselege maleri, men har den seinare tida berre vore fylt med tomgods og embalasje. 
Refrenget hennes er ulike variasjonar over temaet "Ekte loffarar brukar, eller gjer, ikkje…"  - noko som etter kvart kan verte ganske så slitsomt.

Omflakkere
Marius Mismotbakken - Flyktning frå det tragiske.

Skildring: Det første ein legg merke til er dei lidande triste auga som stirrer tomt ut i lufta, og som på alle måtar kler denne miserable skapningen. Med mjuk stemme vil Marius vagt antyde at han flyktar frå ein grusom skjebne han helst ikkje vil snakke om, men samtidig forsikre om at han har det berre bra - noko det er lett å gjennomskue at ikkje er heilt sant. Det spelar inga rolle kor hardt ein freister å muntre han opp eller gjere det godt for han, det er som om tristheita har grodd fast i karakteren. 

Motivasjon: Spele rolla si som lidande flyktning frå det tragiske godt nok til å få mat i skrotten. Bevise at han verkeleg er den beste skodespelaren i verda ved å reise rundt i verda som flyktningen Marius - og på sikt returnere til "Begge Ender" for å få den anerkjennelsen han føler han fortener. 

Ting og Tang: Marius heiter eigentleg Stian Storebukt, og hoppa av skodespelarstuia etter velmeinande kritikk frå lærarkollegiet etter ein delprøve i faget "Truverdig Tragikk og Tristesse". 

Patrik Pakkebakke - Nybrotsromantikar og turist i det ukjente.

Skildring: Etter at han vart spådd av ei tebladleserske ein gong han var på tivoli, pakka han koffertane sine og tusla ut i verda. Etter den episoden har den keitete typen tassa seg varsamt fram her i livet, men kor han eigentleg er på veg er ikkje godt å seie, sidan han ikkje veit det sjølv eingong. Det einaste han er heilt sikker på er at han "veit at han er framme når han kjem dit" - nett som spåkona sa.  

Motivasjon: Finne "sin eigen plass" i verda, ein plass som "talar til han", på ein måte som "ikkje er til å ta feil av". 

Ting og Tang: I eine kofferten har han eit gamalt kart der han merkar av alle plassane han har vore, og ei notisbok med skildring av kjenslene dei ulike plassane gav ham.

Bjarne "med tralla" Brubu - 3. generasjons omflakkar og "Bum 4 Life".

Skildring: Dyttande på ei handlevogn med kvinande hjul kjem han listande gjennom landskapet. Med sky auge kastar han stjålne blikk på dei han møter, før han held fram med å passe sine eigne saker. Bjarne er ikkje den enklaste å få i tale, men etter litt lefsekling og ein kaffetår, er det mogeleg å få han i snakk - og då viser det seg raskt at han er ein smart og oppegåande person med lommekjennskap til vegen og livet på den.  

Motivasjon: Bjarne er håplaust materialist, og det viktigaste for han er å passe på alle dei fine tinga han har samla seg i handlevogna si. Han er også på energisk utkikk etter fleire ting å ta vare på. 

Ting og Tang: Det er alltid ein 85% sjanse for at han har akkurat det ein leiter etter i handlevogna si - og han veit akkurat kor han har lagt det. Når han har rota det fram viser det seg alltid at det han hadde var bittelitt øydelagt, akkurat nok til at det ikkje kan brukast til det formål det var tenkt, men han har alltid ei god forklaring på kvifor han har spart på det.

Sunday, January 16, 2011

16) Fleire Ferdafolk.

Gatemusikantar
Bjarne Belg - Trekkspellar med begrensa reportoir

Skildring: Den tidligare Riksrevisoren vart ein dag ramma av akutt vandrarlyst, og no freistar han stille uroa i kroppen med å komme seg stadig vidare. Du finn han gjerne på gatehjørner, torg eller i parkar - der han entusiastisk, men akk så dårleg, klemmer ut dei samme tre songane - dei einaste han kan. Han har slått seg til ro med at han er lykkeligare som ein lusen musikant, enn som ein dyktig revisor.

  
Motivasjon: Nyte fridomen på landevegen, tene nok pengar til å stille svolt og tørst - og å komme seg vidare.  

Ting og Tang: Bortsett frå ein toradar som byrjar bli sur (noko han ikkje høyrer sjølv) eig han berre kleda han har på seg. Så snart han har tent seg nokre slantar beinar han avgarde til nermaste kneipe for å få seg ei skål suppe, nokre drammar og rørete samtalar til langt på natt.

Krokar: På grunn av alle timane på kro og kneiper har han oversikt over det som er verdt å vite av rykter og historiar. Han har ein familie ein plass, men den snakkar han ikkje om. 

Freddy Fliis - Mystisk saksofonist og stemningsskapende bakgrunnsmusikant

Skildring: Freddy betraktar verda gjennom mørke brilleglas, medan han spelar vare mørkeblå tonar. Han trakterer "hornet" sitt på ein måte som fyller lyttarane med sår melankoli, og han kan farge sjølv dei lysaste sommardagane grå med spelet sitt. Ellers er han ein utprega taus og "mystisk" type som helst berre snakkar gjennom saksofonen sin - men om ein no skulle komme i snakk med han uttrykker han seg utelukkande ved hjelp av kryptisk musikarslang.

Motivasjon: Han lever og andar for musikken. Livsmålet er å ha jamma med alle dei viktige instrumentalistane i verda. 

Ting og Tang: Notelesing har han aldri lært seg, men er ein mester på å improvisere omkring kjente og kjære skillingsviser og ballader. Bortsett frå eit velbrukt instrument og ein ulasteleg dress eig han ikkje noko anna enn sin eigen integritet.  

Oskar Ohm - Triangelist, pioner i avantgardminimalisme og åndelig søker.

Skildring: Du ser den skrikande togaen, lenge før du hører det minimalistiske triangelspelet hans. Han spelar utelukkande langsame (gjerne 1-2 bpm) coverversjonar av kjente og kjære viser, og gremmar seg over at Folk Flest aldri tek seg tid til å verekeleg lytte. Innimellom snakkar han varmt om tema som vegetarmat, meditasjon og om gleda ved ein enkelt og ikkje- materialistisk livsstil.  

Motivasjon: Dele den nyskapande og grensesprengande kunstmusikken sin, følge dei kompliserte levereglane, og verve fleire medlemmar, til den åndelege Zensekta han er del av.

Ting og Tang: Han har, i følge reglane, berre lov å eige 5 ting. Desse er; Ein skrikande orange toga, ei blekkskål for tigging og vegetarmat, eit triangel, ein pinne til å slå på triangelet med og ein tråd til å halde triangelet med.

Gjøglere
Theoball Thekke - Ufrivillig morosam klovn, sjonglør og gatekunstnar med for mange ballar i lufta.

Skildring: Karismatisk samlar han torgfolk rundt seg, sakte men sikkert bygger han opp spenning og akkurat då han skal gjere det vanskelege, fumlar han og alt han har bygd opp vert forløst i latter og gapskratt. Samme kor hardt han øver og prøver er det slik det ender - men det vert no pengar utav det uansett.  

Motivasjon: Å bli satt pris på som seriøs gatekunstner - ikkje som klovn, men ellers underhalde og glede så mange som mogeleg med dugleikane sine. Sjå verda, få nye venner og ete seg mett kvar dag. 

Ting og Tang: Han har ein sekk full av ballar, kjegler, fat og koppar som han nyttar under forestillingane sine, og ein pung med nok pengar til å leve greit.

Siggurd Spinnelia - Diabloninja og leigemordar, dødsflink!

Skildring: Publikum held pusten medan Siggurd dansar omkring med trygge rørsler, og får diabloen til å gjere fantastiske triks.
Etter showet samlar han saman pengane som vert kasta etter han,  utan å ta av seg maska. Så tek inn på nermaste vertshus for å få fred til å skrive neste kapittel av sjølvbiografien sin - før han snik seg ut etter mørkets frambrot for å ta livet av folk ved hjelp av dødbringande ninjateknikkar.  

Motivasjon: Reise rundt i verda under påskudd av å være gjøglar, drepe folk mot betaling - og kanskje mest viktig - samle inspirasjon til sjølvbiografien sin.

Ting og Tang: I sekken sin har han alltid ein Diablo, assorterte ninjavåpen, skrivesaker og eit halvferdig manuskript til neste kapittel av "Ein leigemordars dagbok".

Ottar Oppviglar, Anarkist, elskar, politisk dukkespelar og yrkesdemonstrant.

Skildring: Kvar gong han kjem til ein ny plass nyttar han nokre dagar til å observere korleis dei lokale makthavarane undertrykker lokalbefolkinga. Så stikk han bort på torget og speler ut ulike utspekulerte scener i håp om å vekke misnøye og opprørslysta i Folk Flest. Kveldane nyttar han til drikk, svir og romantiske eventyr. 

Motivasjon: Revolusjon! Å jobbe mot ein samfunnsorden med fridom under ansvar. Kjempe i gata på dagen, og elske på kammerset om natta.

Ting og Tang: I kofferten har han sine sivile klede, ei marionettdukke, dukkespelarkostymet og ei skrivebok full av kompromitterande notat. Elska av undertrykte folk over alt, hata av maktapparat og sjalu ektemenn. 




Trubadurar
Bjarte "Bongo" Batterismark, progressiv perkusjonist og munnspelar.


Skildring: Bjarte er ein populær sessjonsmusikar som er på full fart opp av undergrunnen og inn i folkemunnane. Når dei stutte pølsefingrane hans byrjar leike over trommer og lokk skal det mykje til å stå stille - men den som svettar mest er han sjølv. Som soloartist akompanjerer han seg på munnspel, men er kanskje mest kjent som ein vaken og intuitiv samspelar.  

Motivasjon: Å få den annerkjennelsen han fortener for eigen musikk, og ikkje berre bli hugsa som "han ville i rytmeseksjonen". Starte ei supergruppe som speler han sine låtar, og reise på amfiteaterturne i Riket. 

Ting og Tang: Har ein tung koffert full av gryter, bjeller og lokk - som det tek han omlag ein halvtime å spenne på seg riktig. Speler berre "for døra", og berre på klamme, røykfylte kneiper og kroer som agenten hans har godkjent. Vert veldig fornerma om han vert omtala som "gatemusikant", eller om han vert spurt om å spele coverlåter.

Birger "Jack" Brelvik,  poet og protestsongar

Skildring: Sjølvhøgtideleg kunstnarsjel som syng sarte protestviser medan han klimprar vart på Trestrengeleiken sin. Elska av få, men for dei aller fleste berykta, på grunn av teksttunge skillingsviser om krig og politikk som gjerne har meir enn 50 monotone vers. Privat er han, om mogeleg, enda tyngre og vanskeligare tilgjengeleg enn han er musikalsk - noko han stiller seg heilt uforståande til.   

Motivasjon: Belære og skolere befolkinga gjennom musikken sin, få dei til å lytte til dei sterke tekstane og underkaste seg hans genialitet i nasegrus beundring. Menge seg med "alle dei rette folka" på "alle dei rette stadane". Sjarmere ungjenter ved å stirre overlegent ut i lufta med ei plaga mine.  

Ting og Tang: Det einaste han eig er ein autentisk Riksinfanteriuniform frå dei dagane då Porten Fall, eit grønt plekter og ein modifisert Trestrengeleik. Songane kan desverre ingen ta ifrå han, for dei kan han på rams. Vert blodig fornerma, og avbryt konserten umiddelbart, om han vert omtala som "gatemusikant" eller om han vert spurt om å spele coverlåtar.

Amanda "OMP" Almerson, sexy blåseinstrumentalist.

Skildring: Spelar alltid for fulle hus, oftast for eit svært berusa, og plystrande, mannleg publikum. Onde tunger vil ha det til at dei ikkje nødvendigvis kjem for å høyre på musikken - som kan karakteriserast som sånn nymotens fritt improvisert støymusikk. Den klassisk skolerte tubaisten er elska i musikarkretser, og kjent både for sin virtuositet - og virilitet. 

Motivasjon: Å ha det gøy med dei tinga ho likar best; musikk og menn. Å halde fram med å leve av musikken, og å komponere kompleks musikk for enkle sjeler.

Ting og Tang: Ho har veska full av djupt utringa kjolar, ein boks skokrem til snørestøvlane og ein boks vasselin som både vert nytta på dei sprukne tubaleppene, og som glidemiddel. Ho vert rasande og utagerande om nokon kallar ho "gatemusikant", eller ber ho spele coverlåter.

Saturday, January 15, 2011

15) Litt meir nostalgi og einslags introduksjon til "Ferdafolk"

A)Litt meir nostalgi.
I utviklinga av spelskissene til "Tåkefyrstar og Røvarbaroner" (aka. Fantasifjas) har eg kasta meg inn i nostalgisk mimring omkring den tida då eg vart rekruttert til ei spelgruppe. Eg har freista huske dei ulike tinga ved rollespel som fascinerte meg i starten, kva eg tykte var spennande og kva som fekk meg til å halde fram med spelhobbyen.

Når eg no i seinare tid har tenkt tilbake på spelingane eg var med på som fersk rollespelar, så er ein av dei tinga som har brent seg fast konseptet med "Omvandrande Monster". Det var like intenst spennande kvar gong karakterane våre hadde gjort opp leir for kvelden - fordelt vakter for natta, og spelleiaren fann fram "Monster Manualen" og terningar, for å sjå om me fekk sove - og pugge formlar - i fred.

Etterkvart som me vaks til, og fekk meir elitistisk smak i spel, vart dei samme tabellane - ja heile begrepet "Omvandrande Monster" - noko me gremde oss over, og gjorde mykje narr av. Når eg no tenkjer på begrepet, eller mekanikken, så ser eg framleis alle dei fornuftige grunnane til å gå bort frå denslags støttehjul. Likevel så er det noko ved ideen som har vorte meir tiltalande igjen, og som lokkar til resirkulering, om ikkje anna enn som eit nostalgironisk sitat frå ein svunnen ungdom.

B)Introduksjon til Ferdafolk (i Grenselandet).
Som ein truleg kan slutte seg til, ut frå innleiinga, er "Ferdafolk" einslags versjon av "Random encounters"- tabellane frå D&D. 
Når ein fartar langs Heimvegen skal det, i følge prosedyra, jamnleg kastas for Ferdafolk. 
Enkelte plassar, som til dømes vertshus, ferger eller handelsplassar (sjå t.d. innlegga om "Bua" eller "Grindbu") skal det også kastas for Ferdafolk.
Om karakterane lagar leirplass tett opptill Heimvegen, eller nyttar bål, er det og mogelig at det kjem Ferdafolk rekande.

Plansjane og skildringane i dette innlegget (og prosedyrene, tabellane og listene som er under utarbeiding - og som vil bli presenterte etterkvart), kan nyttast som lesar eller spelleiar finn det riktig - ut frå sin eiget ønske, stil eller metode;

- som ein spelmekanikk som vert nytta akkurat slik den vert presentert i dette, og seinare blogginnlegg.

- som inspirasjon til karakterar og/eller statistar i spelleiars eigne historier.

- som utfyllande bakgrunnsmaterial for sandkasse eller kampanjespeling.

- som inspirasjon for spelarar når dei skal lage seg eigne roller.

- som fantaseringsgrunnlag for avanserte lesarar.

- som lettleste illusrterte tekstsnuttar for eventuelle ikkje- spelande lesarar. 

Her er nokre døme på Ferdafolkplansjene:


Akademikarar
Ferdinan Fivreld - Botaniker med forkjærlighet for nattsommerfugler.

Skildring: Ein mild og sart astmatisk botanikar som er på stadig jakt etter nye artar til obejktsamlinga si. Han har støvallergi, lese og skrivevegring, men elskar feltarbeid, ekskursjonar og campinglivet. Han vil, så ofte han klarer, vri samtalen over på sommarfuglar, og med smittande entusiasme gå inn i langdryge utgreiingar om dette ekstremt viktige fagfeltet.

Motivasjon: Oppdage nye sommerfuglartar og gjere verda oppmerksame på den viktige rolla desse nydelege skapningane har i naturen.

Ting og Tang: Han blir veldig fornerma om nokon kaller nattsommarfuglar (som tross alt utgjer over 90% av alle registrerte arter) for "møll". Han har ei omfattande objektsamling som sikkert er verdt ein god slant.
   
Gyda Gauss - Statistiker med feministisk agenda.

Skildring: På høge helar klaprar ho frå grend til grend for å samle inn data til det store prosjektet ho jobbar med. Ho er ein så målretta forskar at ho ikkje skyr noko middel for å få dei misandriske resultata ho leiter etter. Det at ho vert uglesett og kritisert av kollegaene sine bekreftar berre for ho at heile Riksakademia motarbeidar ho i ein fallisk konspirasjon.   

Motivasjon: I tillegg til at ho vil samle inn nok rådata til forskingsprosjektet sitt, nyttar ho også seg sjølv som instrument for å vekke sine undertrykte søstre på bekostning av mannsgrisbefolkinga.

Ting og Tang: Ho nyttar både "løpande protokoll" og "deltakande observasjon" for å tvinge fram dei sanningene ho veit skjuler seg over alt i verda. Veska hennes er full av notatbøker og inneheld og ei dagbok med mange pinlege detaljar.

Victor Vinkel - Skeptiker, geolog, kvistgjenger og idemotorikar.

Skildring: Med sjølvbevist skeptisk mine spradar Victor omkring i verda for å leite etter underjordiske kjelder og mineralforekomstar. På Høgskulen i Haugalandet sitt campus er han velkjent for sin høge treffprosent, og han meiner sjølv han har "evner" - og no leiter han berre etter data for å underbygge kvar desse evnene kjem frå. 

Motivasjon: Han vil finne ut av evnene sine, samtidig som han med filantropisk korrektheit vil nytte dei for å hjelpe folk som har bruk for dei.

Ting og Tang: Alltid hjelpsom, og er ikkje i stand til å takke nei om nokon ber om bistand, noko som gjer at han enno ikkje har komme seg ut av Grenselandet.  Har eit rikt arsenal av ønskekvistar, søkevinklar og andre merkelege reidskap.

Eventyrarar
Bjarne Buskard - Buskgaldrer på flukt, med stjelt skriftrull.

Skildring: Denne forskremte trollmannen er på konstant flukt frå ein, eller fleire, folk han har knabba noko frå - og mistenker alle han møter for å være i ledtog med dei mange fiendane han har skaffa seg. Samme kor mykje trøbbel han hamnar i, så klarer han ikkjekvitte seg med uvana å stikke dei klamme klåfingra hendene sine borti alt mogeleg han ikkje burde røre.
  
Motivasjon: Halde seg i live til han kjem seg i sikkerheit, og leve lykkelig til sine dagars ende på pengane han skal tene på å selge alt tjuvgodset han har grafsa til seg. Ellers vil han stjele fleire ting, eller eventuelt freiste selge tjuvgods til overpris.
  
Ting og Tang: I tillegg til ein veldig verdifull skriftrull har han innerlommene fulle av verdifulle ting han har stjelt. 

Krokar: Vil nytte ein kvar mogeligheit han har til å lette Spelar - og spelleiarkarakterar for ting han trur er verdifulle. Om han skulle klare å selge noko til spelarkarakterar er det verd å merke seg at eigarane av tinga stadig leiter etter dei, og har ein tendens til å dukke opp når ein minst ønsker det.

Ronald Rosenkvist - Velbemidlet huleutforsker og skattejeger.

Skildring: Sidan han vart født inn i det berømte Rosenkvistdynastiet har han aldri trengt å tenke på pengar. Etter ein beskytta oppvekst på kortklipte plenar, innanfor høge murar, på det storslåtte Rosenkvistgodset har han nytta heile ungdommen på farefylte eventyr. Skattane han finn delar han med lokale trengande, og er i ferd med å få eit godt rykte som velgjerar. 

Motivasjon: Utforske kvar ein krik og krok av verda, og oppleve så mange heseblesande eventyr som mogeleg. Distansere seg frå den makt- , og pengegriske familien sin.

Ting og Tang: Vil agressivt avhøyre alle han møter grundig, i håp om at dei veit om eit nytt eventyr han kan legge ut på. Kan lett komme på kant med folk som har noko å skjule! Han har alltid ein masse gull i pungen, og rikeleg med mat i veska.

Krokar: Har ein tendens til å "ta kontroll" over eit kvart eventyr han får snusen i, og gjer alltid ting på "sin måte". 

Gudmund Gullhår - Den sløveste, men heldigste, kniven i skuffa.

Skildring: Denne nyttige idioten slentrar på slump omkring i verda og dumpar stadig borti nye eventyr. Uansett kor farlege dei halsbrekkande situasjonane han rotar seg borti er, så løyser det seg alltid til slutt - heilt ufortjent sjølvsagt! Dei fleste forklarer denne evna hans med at han er for dum til å skjønne kor farleg situasjonane er, noko som eigentleg stemmer riktig så godt. 

Motivasjon: Det som skjer, det skjer, men han har aldri reflektert over kvifor. Som ein barkebåt i livselva følger han straumen dit den måtte føre han. 

Ting og Tang: Han har alltid pengar i pungen, mat i skreppa og vin i feltflaska - og lar seg, med eit stort smil, gjerne utnytte på det grovaste. Likevel er det alltid han som ler sist… men heilt utan skadefryd sjølvsagt. 
Eventyrersker
Berit-Nancy "Frk. Detektiv" Blondbakken - Smart og sjarmerende profesjonell problemløyserske.

Skildring: Den snarrådige og sjarmerande Berit reiser frå bygd til bygd, løyser mproblem og oppklarar mysterier. Med glimt i auget hamlar ho opp med skurkar, urokråker og bandittar på ein måte som får det til å sjå lett ut. Ho har også for vane å ufrivillig knuse minst eit unggutehjarte på kvar plass ho er innom - medan ho sjølv enda ventar "på den rette". 
.
Motivasjon: Bekjempe urett, opprette lov og orden - og på sikt kanskje finne den store kjærleiken. Vil alltid halde med dei svakaste, og mest trengande i samfunnet.

Ting og Tang: Ho har sekken full av takkegåver, både verdifulle og symbolske. 

Ølgjerd "med øksa" Øksnes - Amper og aktiv feminist på eventyr.

Skildring: Dette er ei verd skapt av ein mann, for menn - og som kvinne må ho jobbe minst dobbelt så hardt som mennene for å lukkast - noko ho også gjer. Dette har gjort henne til den beste krigaren i heile tåkeheimen, og sjølv dei barskaste karane respekterer henne. Ho selg, heilt utan skruplar, tenestene sine til høgstbydande - og er tvers gjennom proffesjonell. 

Motivasjon: Tene til livets opphald ved å væra den beste krigaren i verda - samtidig som ho framstår som kvinneleg og sexy!

Ting og Tang: Ho ikler seg alltid ringbrynjer - og tilbehør - av siste mote, og alle våpena ho nyttar er spesiallaga for henne- med ein klar feminin stil. Ho har alltid med seg ei bugnande sminkeveske, fleire flasker eksklusiv godlukt og ein verdifull sølvkam. 

"Vakre Vera" Valkenskiold - Overbevisende, hardtslående og mistenksom eventyrerske

Skildring: Alle i Tåkeheimen har høyrt ryktet om "Vakre Vera", og alle vert like overraska når dei møter ho for første gong. Med merkelege proposjonar kjem ho trampande langs vegen, og ein skjønar raskt at her er det best å halde tunga rett i munnen - og vege orda sine på fjærvekt. 

Motivasjon: Behalde sin gode figur, og halde på sitt gode namn og rykte. Mesteparten av tida er ho ute på hevntokt for å "ta" nokon som har snakka stygt, eller som har spredd "usanne" rykte om ho.På fritida likar ho å knuse framande menn i handbak og eller barslagsmål.

Ting og Tang: Vera tolkar alt i værste meining - og argumenterer best med nevane. Sverdet og skjoldet har ho arva frå mor si, "Nydelege Nina" - fysikken har ho arva etter far sin.  

Krokar: Om spelarkarakterar skulle være så uheldige å fornerme ho, er det greit å merke seg at Vera er veldig langsint, og ho  har ein tendens til å dukke opp på værst tenkelege tidspunkt - for å "gjere opp".