Vyrde lesar! Som eg lova sist skulle det bli litt kortare pauser mellom innlegga, men det har likevel gått nokre månader sidan forrige oppdatering. Livet krevar sitt.
I dette innlegget vil eg gjerne vise fram ei teikning som eg har brent etter å dele heilt sidan eg var ferdig å blekke den ein gong på vårparten. Dei av dykk som slo av ein prat med meg på Arcon kjenner den kanskje igjen, og no er eg altså endeleg ferdig med fargelegginga.
Som ein kanskje kan sjå er dette eine halvparten av eit større kart, og dei som har fulgt med på Fjasinga mi ei stund ser kanskje at dette er ei nyteikning av oversiktskartet som var posta i innlegg "12) Grenselandet". Det er riktignok berre eine halvparten av det gamle kartet, nermare bestemt "Austbredden", den sida eg har arbeida mest med til no. Den andre halvparten av kartet er skissa, men eg kjem ikkje til å jobbe med den på ei god stund enda, for eg har fleire andre delprosjekt som eg vil fullføre før arbeidet med "Vestbredden" tek til.
Dette kartet kan kanskje kallast "Turkart", "Reisekartet" eller "Oversiktskartet", og det er meininga at det skal nyttast saman med ulike "Konfliktkart" av samme typen som eg viste fram i forrige innlegg.
Avslutningsvis, sjølv om det no byrjar bli ganske åpenbart, kan vel nemnast at eg likar kart. Karta skal eg ta meg av, så for dykk er det vel berre å finne fram snørestøvlar, kompass og kvikklønsj. God tur!
No comments:
Post a Comment