Thursday, September 27, 2012

Arkivdykk: Tåkefyrstar og Røvarbaronar som krigspel!


Dette er ein tre år gamal illustrasjon som har vorte liggande å støve i arkivet mitt. Den er frå tida då eg jobba mest med verdsbygging av regionen Elvheim, lenge før sjølve metoden var påbegynt. Samtidig som metoden var uklar, så byrja det likevel å gå opp for meg at spelet eg ville lage mellom anna skulle handle om krig og storpolitiske konflikter. Det var enten like før, eller etter, at Warhammer Fantasy Battle (ein gamal flamme frå ungdomstida) kom ut i ny praktutgåve, og eg bestemte meg å teikne ein hær frå Elvheim med nostalgiskironisk inspirasjon få miniatyrspelet eg hadde hatt så mykje moro med. I utgongspunktet ville eg berre leike med ideen, og samstundes presentere ulike element frå settingen på ein litt anleis måte, men på mange måtar vart denne teikninga veldig viktig for retninga som prosjektet har teke dei siste åra. 

I skriveria frå den gong hadde eg både skildra styrken med ord (sjå under) og notert følgande bruksområde for denne illustrasjonen/spelplansja:

- "I Sandkassespel: Det kan jo vere at det i løpet av ei lengre kampanje vert naudsynt å stable på beina ein eller fleire representantar for ordensmakta, for å stogge spelarfigurar som lagar bråk eller vert for mektige. Her er nokre døme på kva Elvheim kan stille opp med på kort varsel. Bruk så mykje av lista som du ser naudsynt. Det er mogeleg å samla ein større styrke, men det vil ta mykje lengre tid…"

- "I Krigsspel: Grenselandet vert okkupert av Riksmakta, og Elvheim står for tur. Resten av Tåkeheimen er uvillige til å sende hjelp, så Elvheim må freiste stoppe Riksekspansjonen på eigenhand. Hæren er samla på ei slette like ved Munning, og gjer seg klar til å marsjere sørover mot Porten for å konfrontere Rikstyrkane. Spele ut nokre scener som tek for seg førebuingar og reise, og så avslutte med ei episk slagscene med Portruinane som kulisse…"

- "I eit eventuelt Strategisk Matrisespel: Tåkefyrstforstandaren er opprådd over nederlaget i Tåkerådet, og har beslutta å gjere noko med situasjonen på eigenhand. Han har samla inn dei mest sagnomsuste Lokale Heltane i Elvheim til eit topphemmeleg møte i Nye Elvesalen. Heltane får i oppdrag å reise rundt til alle dei ulike maktbasane i Elvheim for å trygle og be om nokre soldatar til ein styrke som skal marsjere ned til Grenselandet for å stogge Riksstyrkane. Det er opp til spelarane sin kreativitet, evne til å overtyde og kjøpslå kor store styrkar dei klarer samle. Kampanja må sjølvsagt avsluttast med ei episk slagscene i ruinane av Porten…"

Skildring av Elvheim si Armeliste (1576 poeng).
Veldig fritt etter WFB, liksom... men det har ikkje vorte rådført med faktiske regelbøker eller armelister, så poengrekninga er humoristisk meint, berre basert på hukommelse og intuisjon – eller eventuelt mangel på desse. 

1. "Lensmann i Elvedalen, Harry Hagleskur" (100poeng). 
Om ein lagar trøbbel nederst i dalen, så er det Harry som ordnar opp. Han reiser rundt på landsbygda og blandar seg inn i så mykje som mogeleg. Han er ein regelrett snushane, og kjenner berre ei lov, si eiga. Maktvakumet i smågrend og utmark gjer at han lett tek på seg ei rolle som både dommar, jury og maktutøvar - noko som ikkje alltid har vore like vellukka - og som har gitt han tilnamnet "Skitne Harry". 
I kamp vil Harry skyte kring seg med hagla si, som han ladar legendarisk raskt, eller fyre av grovkalibra rundar frå femløparen sin. Han fektar og dugeleg med sverdet og er heller ikkje verst i nevekamp. Om det skulle bli nødvendig å forsvare dalen ville det vera naturlig at Harry tok på seg å leie ein "Sint Mobb" samla frå ladsbyar og grender han held oppsyn med. 

2. "Sint Mobb" (16 x 10poeng). 
16 sinte bønder frå Elvedalen med faklar, høygaflar, nokre jaktrifler og klirrande posar fulle av eplebrent. Følget har stort sett god lynsjestemning, og kan lage masse kvalm, men trenger en sterk leder om de skal i krig. Så lenge det er blankt på flaskene held dei mot og sinne oppe, men treng stadig påfyll. 

3. "Alex med fela" (30p)  2 Frikarkrigsdansarar" (2 x 15poeng). 
Alex spenner kampstrengene på fela si, og stemmer ho til strid, medan krigsdansarane varmar opp. Dei brukar ei stund på å spele - og danse - seg varme, men etter kvart byrjar dei te seg som ei eining. Krigsdansarane spinn og virvlar energisk omkring, kroppane deira dødelege våpen. Felespelaren, med oversikt, kontrollerer dei to krigsdansarane og styrer dei kring på slagmarka ved hjelp av musikken. I tillegg til å styre dansarane vil den gneldrande lyden frå fela plage motstandarar som ikkje er vandt til dette larmande og levande, men samstundes arkaiske kulturuttrykket.

4. "Sletta janitsjar" (7 x10poeng) 
Tamburinmajor og fanebærer Isaksen leiar korpset som har base på Høgskulen i Sletta. Når dei ikkje speler til kamp, speler dei på studentfestar og revyar på Studentkroa. Blåseseksjonen består av saksofon, klarinett, tuba og trombone, noko som gjev ein varm og djup melodiføring. Rytmeseksjonen har skarptromme, stortromme og Isaksens tamburin. Korpset har, etter alle åra med speling for tørste studentar, fått eit avslappa forhold til alkohol og jazz. Med dette korpset ved si side marsjerer ein ikkje i kamp, ein dansar slentrande.

5. "Flatt Strukturerte Slettanarkister" (7 x10poeng) 
Skulle det oppstå gateslag og hornmusikk vil garantert glade anarkistar frå Sletta dukke opp. Vepna med murstein, balltre, brannbomber og godt humør slentrar dei i kamp til tonane av Sletta Janitsjar som speler mellom anna "Tåke på Vatnet" og "Gamal Jegerjazz". Dei er lette å kjenne att på slagmarka på grunn av dei orange pannebandmaskene dei ifører seg. Når dei ikkje driv med aksjonar sit dei på støvete hyblar og skriv manifest, maler slagord på vegger, har stormfulle romanser og henger på Studenhuset. 

6. "Byvakter frå Elvedalen" (8 x 13poeng). 
Om dalen skulle måtte forsvarast vil byvaktene i Dal, Dalen Bru og Foss sende nokre vektarar. Dei kler seg i lette ringbrynjer med enkle plateforsterkingar, og sloss effektivt med både spyd, skjold og kortsverd. Dei vil stadig gjere eit nummer utav at dei er yrkessoldatar, og dermed mykje meir disiplinerte - og sofistikerte - innanfor krigskunsten enn andre einingar som til dømes "Sinte Mobbar" eller "Slettanarkistane". Dei synes dessutan at det fordømrade studentkorpset burde blitt stramma opp ein god del, då det nesten er umogeleg å marsjere når dei på død og liv skal spele så proggete. 

7. "Byvakteining Triangelurum" (6 x13poeng) og "Triangelsjøen Skyttarlag" (4x 13poeng). 
Det er kjent blandt borgarskapet i Triangelurum at det borte på sletta i Hengjedalen ikkje akkurat herskar lov og orden. Sletta er meir eller mindre ein fristad for anarkistar, studentar og andre dagdrivarar som stadig kjem til frukthagane rundt Triangelsjøen for å gå på slang. Det er derfor ein sterk kultur i bygdene omkring Triangelurum å forsvare sin eigen eigedom. Om heile fyrstedømmet skulle trugast vil folket kring sjøen midlertidig oversjå desse nabokranglane, og kjempe side om side med anarkistar og røvarpakk for å redde Elvheim som det er.

8. "Lensmann i Hengjedalen, Rupert Rifleskrent" (100poeng). 
Om ein beveger seg oppover i Hengjedalen vert ein garantert overvåka av Rupert. Han ruslar omkring mellom ulike brakker oppe på dei beste utsiktspunkta i liene, der han ligg og speider ned i dalen gjennom den imponerande kikkerten sin. Så lenge ein oppfører seg vil ein få gå i fred, men ein vert uansett utførleg loggført i boka hans. Om ein lagar bråk er ikkje Rupert sein om å ta turen ned i dalen for å ordne opp.
Kikkerten kan han også montere på rifla si, noko som bidreg til at han er ein glimrande snikskyttar med forbløffande treffsikkerheit. Han er og slagkrafiig i nevekamp og har opparbeida seg eit velfortjent rykte som slosskjempe. I sosialt lag derimot er Rupert fåmælt og klønete etter å ha brukt mesteparten av tida si einsam i naturen. Først etter at han har fått seg rikeleg med drikke tør han til, og utpå kvelden kan det til og med hende han fiskar opp munnspelet frå sekken.

9. "Luftbruvektargruppe" (4x 15poeng). 
Det er heilt klart i det private heisselskapet Luftbrua si interesse at maktbalansen i dalen held fram med å være som den er. For å beskytte sitt monopol på godstransport mellom Elvedalen og Hengjedalen vil dei, i knipe, stille med ei gruppe spesialtrente vektarar. Med tunge rustningar, gassmasker, battongar og tåregassgranatar vil dei ta ut uromoment med sleivete presisjon. Kjent for effektive blits og overdreven brutalitet som berre kan mobiliseres under korporat leiing. 
På fritida er vektarane berykta skjørtejegarar og serdeles aktive i både det øvre og nedre jetsettet i dalen. Dei spelar gjerne bowling, går på teaterframsyningar eller et dyre fleireretters middagarar på lokale kroer. 

10. 2 "Røvarar frå borga Utsyn", "2 Våghalsar" og "Legendarisk Våghals frå Utsyn, Lars Luftetur" (2x 15poeng og 2x 20poeng 1x50poeng). 
Gøymt bak Vardtoppen innerst i Skrinnheimen ligg borga Utsyn, men borgherrene har mange speidande auge i fjellsidene, og veit stort sett akkurat kva som skjer på austsida av Elvedalen. Utsyn er nøgde med tilhøva i dalen, og vil hjelpe med å bevare ordenen. Om dalen vert truga vil dei stille med både fotsoldatar og våghalsar. Fotsoldatane er godt pansra, og bruker gjerne tunge tohandsvåpen. Våghalsane er, i kamp, som i lufta, fryktlause og elegante. Dei nyttar ulike typar lammande urtegass for å sette motstandarar ut av spel før dei gyv laus på dei med lette handvapen og skarpe knivar. 
Vanlegvis held våghalsane oppsyn med dalen, og ser seg ut enkle offer som dei overfaller frå lufta. Offera vert dopa ned med gassgranatar før skukane rundstjeler, og spring opp i borga igjen med byttet for å feste. Sidan dei er orntlege rølpegutarpassar freistar dei alltid å ta med seg eventuelle kvinnelege gissel opp til borga, både til forlystelse og for å kreve lausepengar. Dei maskerte skurkane kan få mindre staute motstandarar til å bleikne, og har eit velfortjent dårleg rykte. 
Den Legendariske Lars Luftetur skal ha over 1000 svev, og nytter ei karakteristisk luftfløyte, som kan høyrest lang veg når han kjem susande gjennom lufta.

11. 2 "Røvarar frå Trisyn" og 4 "Våghalsar" (2x 15poeng og 4x 20 poeng). 
Med utsyn over Triangelsjøen, strengbane til Triangelurum og med rask forbindelse via Luftbrua, ligg borga Trisyn like under Elvtoppen. Frå varden på toppen av dette ruvande fjellet har dei god utsikt til både Triangelsjøen, Elvedalen og Hengjedalen - med andre ord, det meste av busetnaden i fyrstedømmet. Det er klart at borgherrene ønsker å behalde sin unike possisjon og maktbase - og vil alltid jobbe for å bevare Elvheim slik det er. 
Trisyn ser seg sjølv mykje meir som ein politisk fraksjon i dalen, enn eit røvarreir, og slik situasjonen i dalen er no likar dei å gøyme seg bak Tåkefyrstforvaltaren i Nye Elvesalen, og heller trekke i trådar så godt dei kan. Dei har heller ikkje rykte på seg for å drive med utstragt landevegsrøveri. Om noverande orden vert truga, vil borgherrene derfor stille med 2 tungt væpna røvarsoldater for syns skuld, saman med fire våghalsar som vil stå til disposisjon.

12. "Skummel DjupstrupeTrollmann frå borga Innsyn" og "Forumtrolleining frå Bomstilltoppen" (1x 75 poeng, 1x25 poeng og 1x100 poeng). 
Stillheimen har mange løyndomar som passar best godt gøymt i skuggen av Bomstilltoppen. Sanningene om kva som foregår i den nitidig uthogde borga i fjellsida ved Stillegrunnvatnet er såpass ille at dei er best uuttalt. Likevel, om den gamle ordenen vert ytterlegare truga, så skal ikkje Innsyn denne gongen nøle med å stille med ein liten smaksprøve på sitt grufulle skrekkarsenal. 
Djupstrupetrollmenn, som i årevis med tausheit har samla opp, og reindyrka, all mogeleg fanenskap slepp denne fri i lange improviserte remser av pur bannskap som slår frykt i dei som høyrer. Med seg frå Innsyn har Djupstrupene også granatar fylde med ulike urteoppkok, både sovegass, tåregass og andre lumske forbindelsar som Folk Flest helst ikkje vil vite om. 
Trollførarar leiar sinte Forumtroll fram til frontlinja i kampane, der dei vert dytta i retning fienden. Svært oppeldna av hornmusikk og dei hardt spytta orda frå Djupstrupetrollmennene, går dei hatefulle trolla inn i ei tilstand av kamplyst og ekstase der dei angrip alt dei kan få tak i. Desse hårlause og grå trolla sprer terror til alle som opplever den grelle framferda deira - anten det er fienden, eller allierte. 

13. "Tåkefyrstfortredar Konrad Kvinberg av Nye Elvesalen" (1x 10poeng). 
Til og med Tåkefyrstforstandaren har vorte utskremt frå Nye Elvesalen for å sjå til styrkane. Ikledd den karakteristiske lusekofta vil denne lurvete lysluggen stå skjelvende i utkanten av slagmarka og håpe på at ingen oppdager, eller bryr seg om ham. Han er minst like duglaus i kamp som i diplomati og politikk, men det er gamal skikk at Tåkefyrsten skal delta i kampar, så ingen har eigentleg noko valg i den saka. 
Han sjølv vil helst berre bli gamal nok til å gå av med pensjon, og flytte langt, langt bort. Han ser for seg ei lita hytte i ein gløymt dal, der han kan pusle i hagen heile dagen, og viktigst av alt - utsette alle vrine val til i morgo.

14. "Tåkefyrstfortredaren sin livgarde" (3x 25poeng).
Tre topptrente soldatar med tunge rustningar og våpen som følger Tåkefyrstforstandaren kor enn han måtte gøyme seg. Desse er plukka ut blandt dei beste byvaktene i Elvheim, og regelrett tørstar etter strid, fart og spenning.     




No comments:

Post a Comment