Friday, September 28, 2012

Arkivdykk 2: Kartlegging og skildring av Tåkeheimen

Enda ein illustrasjon og ei skildring frå 2009: 

Det ville og utemja området som ligg heilt nordvest på kontinentet, beståande av tronge dalar krinsa av høge fjell som skuggar for sola. Den ville naturen tvinger reisande, enten dei er turistar eller innfødte, til å halde seg til landevegane som buktar seg fram mellom bygd og grend. Ikkje det at vegane er spesielt trygge, for dei er både dårlig vedlikeholdt, bratte og kronglete, og i enkelte områder er det ikkje uvanleg å støte på røvarbander, men er likevel å foretrekke samanlikna med mannevonde villmarka som krinsar dei på alle kantar. 

På høgfjellet er det vidder med nye fjell, sju blåner til endes, men samme kor ugjestmild naturen er, har små menneskesamfunn klort seg fast her og der. Som kontrast til villskapen kan ein på overraskande plassar finne stille frodige dalar, gøymt eller gløymt. Regionen kan og by på ein rik flora og fauna, nesten i rikaste laget – då den inneheld ein del uønska element,  som til dømes det hata "Trollpakket".  

"Tåkeheimen" består av tolv Tåkefyrstedømer og Røvarbaroni, sjølvstendige statar som vert styrt av ein Tåkefyrste eller ein Røvarbaron. Som seg hør og bør med gamle gode naboskap er det mykje krangling og stridigheiter mellom dei tolv statane imellom, og kvar av dei fører sin eigen, gjerne eksentriske, politikk – oftast stii i strid med nabostatene. Likevel freistar dei 12 Røvarstatane møtes regelmessig til "Tåkeråd", for å snakke politikk, og freiste stake ut ein felles utanrikspolitikk og front mot den stadig meir trugande Riksekspansjonen. Dette klarer dei skjeldan, men har den siste tida – for å få opp talet på faktiske vedtak – fokusert mykje på kulturell utveksling.

ELVHEIM
Ein brei, lang og slakt stigande elvedal, som vert ein naturleg veg inn i Tåkeheimen, og er derfor strategisk svært viktig. Det er der Riket, på mange ulike lumske måtar, legg presset på dei sjølvstendige røvarstatane. "Porten", den eigentlege hovudstaden i Elvheim vart bomba i stykker for over 30 år sidan, og etter dette har den politiske makta i Tåkefyrstedømet vore fragmentert og svak. Regionen har rett nok ein symbolsk galeonsfigur i Konrad Kvinberg, Tåkefyrstforstandaren i "Nye Elvesalen", men på bygda herskar "Landets Lov" slik den vert hevda av dei små lokale røvarbandane.

MIDTHEIM
Ei samling av grender, bygder og byar langs bredden av den mystiske "Tåkesjøen", som vert rekna som kjelda for tåka som i periodar ligg tett over heile fjellregionen. Leiarskapet i Midtheim, for tida leia av Turbotåkefyrst Michael Midtelfarth, har sete i den fornemme "Fagersalen". Fyrstedømet har lenge finpussa rolla si som Tåkeheimens diplomat og fredsmeklar, og fører ein vinglete politikk med ambisjonar om å skape profitt av kulturell brubygjing. Eit resultat av dette er at det kvart år, med pomp, prakt og fanfarer, vert avhelde ofisielle "Fyrstelege Festspel i Fagersalen".

STEINHEIM
Ei samlimng av gruve og minebyar hogde rett inn i dei mineralrike fjella. Gruvebyane er knytta saman av eit intrikat nett av fjellvegar og bruer, medan dalbotnen under ligg urørt og vill. Leiarskapet i Steinheim har byrja vise seg som Rikseksympatisørar, og har funne seg til rette i sine roller som svikefulle medløparar til Riksepkspansjonen - nyrike og rusa på naturressursar med enorme eksportpotensial. Tåkefyrst Stein Steen Simonsen er stadig på hemmelege reiser til hovudstaden i Riket, og det ryktes at han driv med utsvevande forhandlingar med Rikskapitalistane om handelsavtalar og særprivilegium. 

FJELLHEIM
Bygder, gardar og bysamfunn som ligg i skråninga opp mot den ruvande "Tåketoppen". Fyrstedømet vert styrt med hard hand frå den fantastiske "Fjellsalen", ei ugjennomtrengeleg festning som enda aldri har vorte besigra i krig. Leiarskapet er søvnige, seige og konservative, og nyttar kreftene på å bevare ordenen som den er – og såleis deira eigen maktposisjon i Tåkeheimen. Det er framleis, etter mange tiår med tittelen, Fjelltåkefyrst Frank Fjellstø som er regjeringas ansikt utad, sjølv om det vert kviskra i krokane at han "kjenner på alderen". Med "Fjellgarden", den største ståande styrken i regionen, vert det sagt at Fjellheimen er sjølve grunnfjellet i Tåkeheimen, og at så lenge den held ut, vil dei andre og gjere det.  

RAVNHEIM
Berre nokre få spreidte høgdegardar, grender og fjellbygder har klart å klore seg fast oppe i den skrinne Ravnheimen. Befolkinga er hovudsakleg fattige bønder, einstøingar, nokre våghalsar og ein imponerande mengde geiter. Det er Tåkefyrst Rainer Ravnklo styrer, og til tider tyranniserer, innbyggarane i fyrstedømet frå den berykta Røvarborga Ravntoppen. Den einerådande og eigenrådige tåkefyrsten er stort sett humørsjuk, eller rett og slett gretten, og bygger politikken sin på like dosar militant nasjonalisme, despotisk populisme, stormaktsgalskap og sedvanleg svartmaling av alle situasjonar.

FJORDHEIM
Innerst i fjordane, lang unna alle former for begivenheiter, slumrar bygder og småbyar der borgarane lever rolige og relativt ubekymra liv. Dei fleste er sjølvstendige bønder som nøyer seg med ciderproduksjon og evigvarande krangling med naboane. Tåkefyrstedømet har aldri klart å einast om kven som skal styre og kvar det skal styrast frå, men har løyst floka mellombels med ein ambulerande Tåkefyrstetittel. Den noverande tittelhaldaren, Frode Fjordjorde, er ein genert yngling som inderleg godt veit at han ikkje dug til noko – og vert vekselvist manipulert og overkøyrd av eit råd lumske konservative eldre.

KLIPPEKYSTEN
Ei samling fiskever og øysamfunn befolka av trassige, lavmælte havbønder og sjørøvarar. Kystbyane er i teorien frie handelsbyar og vert styrt av borgarane sjølv, men Sjørøvarbaronen Skipper Siggurd Sjøsprøyt har einslags uofisiell rolle som samlande figur, noko som gjer at han representerer røvarbaroniet i Tåkerådet. Politikken hans vert prega av vær, vind og lumske understraumar, og han har fått ein viktig funksjon i Tåkerådet som effektiv blokkerar av fleirtalet.  

SILKESALANE
Ei samling familieklanar, busett i skyskraparaktige holer i hogde inn i høge fjellspir. Arkaiske tradisjonar, ritual og fastlåst etikett pregar dette klassedelte samfunnet, der hoffet lever lange sorglause dagar i toppspira, medan arbeidarane jobbar dagen lang nede i fabrikkholene med å veve spindelstoff. Silkesalane vert alltid representerte i tåkerådet av den som til ei kvar tid held tittelen frå skjønnheitskonkuransa "Frøken Silkesal" for det året, og kan på den måten ikkje tilføre rådet spesielt mykje på det politiske planet. Årets Miss Silkesal er spretne, smilande og sosiale Sirilill Sydspirdotter. 

NEDHEIM
Frå Falkeslottet styrer Tåkefyrst Nikolai Nedtur riket sitt med svett entusiastisk nasjonalisme. Han føler at store ting er på gang, og reiser mye rundt i fyrstedømmets alle grender, bygder og småbyar og inspiserer Nedheimevernet og dei lokale skyttarlaga. Nasjonaldagen vert feira med militære paradar og salutt frå det fyrstelege kanonene. Rundt om i dei 1000 klyngetun ristar Ola og Kari Nedheim skeptisk på hovudet, men tør ikkje anna enn å gjere som dei pleier; å ikkje stille spørsmål og ellers gjere som dei vert fortalt. Tåkefyrst Nikolai brukar så mykje tid i Tåkerådet som mogeleg på å hisse til strid.

SKOGHEIM
Skogheimsbønder flest er nøkterne, sjølvberga og stillfarne – men med ei djupt rota vilje til å kjempe for sin eigen eigedom. Det er sedvane at høvdingane frå dei ulike grendene og bygdene omkring i dalane ned mot Granskauen samlast i Eikesalen kvart tredje år for å velge ny representant til Tåkerådet. Denne perioden vert Skoheimen representert ved Tåkefyrstinnefortredar Sigrid Skogbeltet, som tilhører den radikale, handlingsorienterte delen av Skogheim sin politiske underskog. Ho deler bekymringa til høvdingane for sørgrendene, om at Riket tek seg for store fridomar, og gjer alt for store innhogg i urskogen Granskauen. 

OPPHEIM
Det akademiske hovudsetet i Tåkeheimen finn ein på Haukereiret Campus, som blant anna kjent forsine spesielt gode liner i fag som Aerodynamikk, Arkitektur, Astronomi, Filosofi, Fysikk og Optikk. Folkesjela er prega av trua på kunnskap, og din jamne Oppheimbonde skjuler ofte mange andre talent. Busett i økologiske klyngetun, sett opp nøyaktig etter teikningane utsteda frå Instituttet for Arkitektur. Det er ikkje uvanleg at Oppheimsbøndene stappar pipa med urteblanding, før dei les Morgonposten si dekning av Tåkerådet. Oppheim rir for tida på ei liberal- realistisk bølgje, og hippiane i Pensjonerte UrAreonautars Fine Forening «PUFF» sit med makta. Oppheim vert representert av ein Royal Areonaut Philosophicus, Flygaryrste Oddvar Opptur. 

HUREN LUREN
Dette er landet der ingen skulle tru at nokon skulle bu. Oppe i dei bratte fjellsidene bur folket, medan det nede i dalane luskar trollpakk. For å reise mellom høgdegardane, og dei tre fjellbyane i fyrstedmøet, bruker ein varmluftsballlong- taubaner. På den måten slipp ein å ferdast i den trollinfiserte dalbotn. På snedig vis har dei mest infiserte dalane vorte mura att, slik at det dumme trollpakket ikkje kjem seg ut, og desse fungerer no som konsentrasjonsleirar for alt Trollpakk i Tåkdeheimen. Dei tre byane er organiserte som bandar, med kvar sine høvdingar, medan Luftpiratane regjerer over taubanene - og dermed all frakt og persontrafikk. Det er Luftpiratane sit med den største militære makta i fyrstedømet, og den har dei mellom anna nytta til å plassere Anne Knutsdotter i Tåkefyrstinnestillinga. Anne verkar alltid entusiastisk på utsida, men er eigentleg berre ein unnvikande politikar når det kjem til handling.



No comments:

Post a Comment