Hei potensielle lesar!
Det har vore stille på bloggen i over eit år no, men arbeidet med fantasiprosjektet har likevel snegla seg vidare. Mykje har skjedd sidan forrige oppdatering, men enn så lenge legg eg ut eit lite eksempel på korleis dei nye konfliktkarta kjem til å sjå ut:
Kva skal du med sleke "konfliktkart"?
ReplyDeleteGodt spørsmål! Og som alle gode spørsmål så er det mange mulige svar.
ReplyDeleteDet enkle svaret er jo at eg skal bruke konfliktkarta til å spele ut "konfliktar" på.
Eit naturleg oppfølgarspørsmål er vel kanskje: "Treng du eigentleg slike konfliktkart?"
På dette spørsålet kan eg heilt klart svare "Nei, det går heilt fint å spele utan - på samme måte som ein kan spele terninglaust om ein foretrekker det... eg har prøvd begge deler med hell!"
Ein annan måte å nerme seg eitslags svar er vel at konfliktkarta kan ha fleire funksjonar i metoden og bruksmåtar i praksis.
Til dømes kan dei nyttas som spelleiarressursar (utgongspunkt for skildring), hugsehjelp (ein les bilete raskare enn tekst!), improvisasjonsgrunnlag, ein måte å samkøyre spelarane sin tolking av scener/setting!!!, som "spelebrett" for meir "miniatyrspelaktig spelestil" eller "spelematte" for meir "D&D- aktig spelestil".
Enda ein annan måte å "forklare" konfliktkarta heng saman med at eg er glad i å teikne. Eg har alt teikna ei rekke grender og plassar (nokre presentert her på bloggen)- og dette er vel eigentleg ein forlengelse av det arbeidet som er alt har starta - berre at eg i det siste har teikna tilsvarande teikningar med fast perspektiv og skala!
Ideen om konfliktkarta har vel vakse fram gjennom arbeidet med metoden. I løpet av vinteren og våren har eg både lest, og prøvd, ein god del ulike spel - og har plukka idear (og "mekanikk") til metoden både her og der. Har mellom anna henta inspirasjon frå så ulike spel som Advanced Squad Leader, Titan, Warhammer FB og 40K, Infinity, Warmachines, "gode" gamle D&D, Basic og Apocalypse World.
Meir om metoden skal eg komme tilbake til etterkvart;)
Mange mulige svar, men spørsmålet var altså kva DU skal med dette?
ReplyDeleteHar tenkt litt på det.
ReplyDeleteI første omgang skal eg kose meg med å lage slikt som "dette", og så skal eg vise "dette" fram til folk:D Det er motivasjon nok, det.
På sikt håper eg sjølvsagt også at "dette" skal kunne fungere i eitslags spel, men når det kjem til stykket er det mindre viktig enn sjølve skapeprosessen.