Sunday, November 21, 2010

7) Vits og Form.

For nokre dagar sidan kunne eg lese av statiskikken at bloggen igjen hadde vorte lest. Som om ikkje det var nok hadde fleire av dei, ut frå slik eg har forstått det, leiande stemmene i rollespelnorge (i alle fall på Hyperions webforum) komme med tilbakemelding på Fantasifjas- tråden eg posta der. Slikt inspirerer!

Basert på desse tilbakemeldingane er det fleire ting eg kan ta tak i, og skrive om, i dei neste blogginnlegga. Ei av dei mest interessante problemstillingane som kom fram er spørsålet:  

"Kva er vitsen?"

Dette er eit relevant spørsmål som kan stillast til det meste her i livet, og du kan tru eg har vridd hjernen min og grubla på akkurat det… Men i dette innlegget får eg konsentrere meg om det litt meir avgrensa: "Kva er vitsen med dette verdsbyggeprosjektet du puslar med?" 

Eg har stilt, og stiller, meg dette spørsmålet med jamne mellomrom, og kvar gong har svaret vorte litt anleis enn sist eg pønska på det. Likevel er det enkelte moment i svaret som er temmeleg like frå gong til gong, og som eg ikkje kan sjå bort frå...
For det første føler eg at eg har:

- Noko på hjartet
Eg har ein del tankar eg har lyst å dele med folk. Eg kunne nok ha jobba med desse tankane innanfor heilt andre uttrykk enn "fantasifiksjon", til dømes ved hjelp av; songtekstar, artiklar, essay, videobloggar og så vidare, men det er noko forlokkande i å tilnærme seg dette via ei fantastisk verd. Eg har stadig opplevd at når eg freistar å snakke om komplekse, og gjerne snedige, samanhengar (som eg meiner eg ser!), så strandar desse i møte med rigide taldata, popularisert propaganda og drepande kalde fakta. Dette er eit av dei store problema når ein skal seie noko om samfunnet vi lever i, det at det "alltid er mange som veit mykje betre enn ein sjølv", enten dei har autodidakt eller formell kompetanse på området. Når ein oppererar i ei fantastisk verd, kan ein få fullføre tankerekkene sine, og ingen kan øydelegge det ved å seie at det er feil - sidan det jo berre er fiksjon.   

Og for det andre så er det vanskeleg å komme utan om: 

- Forfengeligheit
Eg har eit heilt klart ønske om å dele det eg lagar med andre. Med andre ord så gjer eg det ikkje berre for "kosen sin skuld" eller "skaping for skapinga si skuld". Fantasifjas er ikkje meint som eit prosjekt for skrivebordskuffen, men det gjenstår framleis ein heil del arbeid før det er presentabelt. 

Noko som leiar meg direkte over på det andre spørsmålet som er viktig å få avklart:

"Kva form skal ein velge?"

Forma er viktig - og forma ein velger vil på mange måtar også være styrande for mykje av innhaldet… 

På mange måtar føler eg at dette med form er sterkare knytta til presentasjonsbiten, enn til sjølve arbeidet med verdsskapinga. Verda veks jo stadig, i form av notater, tekstsnuttar, teikningar, kart og plansjar - og det er først når eg skal formidle dette til andre at det må pressast inn i eislags form. Likevel er ikkje forma uavhengig verda, og mange av ideeane eg har notert meg spring i utgangspunktet ut frå ei av formene. 

Til dømes kan eg nokre gonger komme på ein barsk "ferdigheit" (noko som er typisk speltekstmateriale) - men i det denne er notert, så kan den likevel presenterast i andre former enn speltekst. Eit anna døme kan være eit fantastisk "vesen" frå ein teikneseriesnutt, som gjerne er eit resultat av ein visuell ide, men som sidan kan konverterast til ord og tal i spelets mekanikk/motor. Både "ferdigheita" og "vesenet" kan beskrivast, og formidlast, i kva form eg måtte ønske - men ideane vart til innanfor ein av dei ulike formane eg jobbar i. På kvar sin unike måte bidrar dei ulike presentasjonsformene til å levandegjere verda eg bygger. 

I praksis betyr det at når eg får ein ide vert den plassert - eller eigentleg skapt - i ei av formene under: 

- Teikningar. Kart, Natur, Byar, Plassar, Folk, Dyr, Monster, Gjenstandar…

- Spel. System, Mekanikk, Motor, Prosedyrer, Ferdigheiter…

- Teikneserier. Karakterar, Plassar, Stemninger, Historier… 

- Tekstmasse. Notater, Utgreiingar, Skildringar, Stemningar, Historier…

Eg vil avslutte dette lange innlegget med å vise eit døme på korleis dette samspelet kan fungere i praksis:

"Historia om korleis Grønnskollingane vart skapt"
Eg dreiv å leika med ulike ord og festelege ordsamanstillingar medan eg noterte stikkord i skisseboka mi, og plutseleg var ideen der: "Grønnskollingar"! Så snart sjølve ordet var notert byrja eg skisse idear til korleis dette vesenet skulle sjå ut, og samtidig som det tok form måtte eg stadig bort i margen for å noterte vidare stikkord omkring personlegdom, temepament, habitat, funksjon og utbreiing. Til slutt knytta eg vesenet meir opp mot spelmekanikk, fann fram Rune Quest boka mi, og leita fram nokre brukbare "stats" eller "tal" for å skildre det.

Ideen till "Grønnskollingane" vart alltså til tekstleg, men idéen vaks raskt i samspel med illustrasjon og meir spelmekanisk tenking. Eg likte ideen såpass godt at eg ville vise den fram umiddelbart, og som presentasjonsform valde eg å nytte den eg følte meg sikrast på; Teikneserien. 

Eg kan sikkert beskrive serieskapeprosessen nøyare i eit seinare blogginnlegg, men kort fortalt jobba eg inbitt inspirert frå fredag ettermiddag til søndag kveld, og så posta eg resultatet på "Nettserier.no" - som eg pleier gjere med seriar eg skaper. Sidan ingen på Nettserier kjente til Fantasifjas, freista eg lage ei universell historie som kunne fungere utan kjennskap til verdsbyggeprosjektet mitt, men som samtidig var proppfult av referansar og informasjon om det. 





Serien vart forresten vellykka nok til at den vart plukka ut til ein nynorsk tegneserieantologi, utgitt av Nynorsksenteret ved Høgskulen i Volda; "Nynorskopplæring nr.7 - Teikneseriespesial - vinteren 2009/2010", og er å finne på ein del av skulebiblioteka omkring i landet. Det ironiske med dette er at "Grønnskollingen", og verda eg ville vise fram, har vorte lest av relativt mange - men likevel har ingen av dei kjennskap til Fantasifjas - og alt arbeidet som ligg bak!D


No comments:

Post a Comment