Friday, January 14, 2011

14) Nostalgitripp og Outlands Tegneseriekonkurranse 2010

Eg er eigentleg veldig glad i Outland, og det har eg vore lenge. 

Truleg starta dei varme kjenslene etter at Simen Josefsen leita fram, og solgte meg dei fire "Fafhard & The Grey Mouser"- hefta då han hadde stand på Arcon 9 (eller var det 10?)... Tenke seg til - min favorittserieskapar hadde laga ein serie basert på favoritt- fantasyverda mi! Han byrja til og med å merke alle seriar i katalogen som var teikna av Mike Mignola, slik at eg ikkje skulle gå glipp av nokon av utgivelsane hans.
Eg, og spelgruppa eg var del av den gong då, maste også ganske lenge om at han måtte ta med rollespel i katalogen sin, og gleda var stor då han etterkvart kunne danke ut Avalon med både betre service og snillare prisar.
Året etter, då me arrangerte vår eigen vesle spelfestival, "ArgCon", sponsa Outland oss med premiar - spel  til ein verdi av 2000 kr! Desse vart sendt over fjellet med ein kurer som var nokre år eldre enn oss, veldig hyper, og som me alle syntes var grueleg tøff - sjølv om han hadde eit namn som var umogeleg å skrive; Matthijs. 

Det har sjølvsagt skjedd mykje sidan den gong, men eg er no framleis glad i Outland. 

Derfor brukte eg, for andre år på rad, eit par grå sommerkveldar på å teikne eit bidrag til Outland sin årlige teikneseriekonkurranse. Temaet i år var "Sirkus", og eg bestemte meg straks for å lage ein serie med utgongspunkt i nokre idear eg hadde notert meg då eg fabulerte fram "Den langsame sirkusbyen Triangelurum" (sjå innlegg 8 for teikning av denne rare byen). 
Sjølve serien vart i overkant fjasete, relativt esoterisk, og eg mistenker at innhaldet vart sterkt prega av at eg dreiv og leste den nye regelboka til Warhammer FB i samme periode. 
Her er i alle fall resultatet:








Det vart ikkje noko av bladet på grunn av for få innsendte bidrag, og då serien vart presentert på Nesttserier.no var interessa temmeleg laber. No får eg berre håpe på at spelfolket har lettare for å sette pris på, og ta, alle dei fjollete referansane eg har fletta inn:D

Thursday, January 13, 2011

13) Trollpakk

Eg trur ikkje det har vorte sagt tydeleg til no i bloggen - at grendene, eller plansjane, som har vorte presentert IKKJE er scenario. 

Det er ikkje meint at ein skal "spele" dei slik dei er presentert, men at dei skal fungere som bakgrunn for tydeligare utbroderte scenario. 

Dette er også grunnen til at ei (uferdig) scenario/kampanjeskisse vert presentert no - for å gi eventuelle lesarar eit "perspektiv" å lese dei vidare, eller tidlegare, plansjane med. 

Når, eller kanskje heller om, du følger bloggen vidare kan du gjerne ha denne kampanja i bakhodet…
- Korleis ville Folk Flest reagert om det merkelege følget skissert under hadde komme slentrande inn i grenda deira?
- Er det nokon som kunne hjelpt dei? 
- Er det nokon som kunne skapt trøbbel for dei?

Kampanjeskisse: Trollpakk
Dette er, som sagt, berre ei skisse. 
Det er enda ikkje posta nok informasjon, hverken om verda - eller systemet - til at det eigentleg er mogeleg å spele.
Fleire stader i teksten vert det referert til reglar/system/setting som enda ikkje er presentert.

Synopsis.
Karakterane må føre eit eksemplar av den vemmelege, og plagsomme, arten Trollpakk frå heimgrenda si, heilt sør i "Grenselandet", og opp til "Trollbyen" i Tåkefyrstedømet "Huren Luren". Undervegs støter dei på alskens underlege Ferdafolk som rek langs vegane, og ei rekke snåle eksemplar av Folk Flest og andre Lokale Heltar i grender og bygder. 
Vil dei klare å gjennomføre den episke reisa før hausten, og tåkesessongen, startar? 

Karakterar:
Om ein skulle ha spelt denne kampanja "seriøst" trur eg eigentleg det ville vore best om spelarane skapte sine eigne karakterar frå grunnen av. Karakterane under er derfor berre å rekne for skisser, eller helst, mulige karakterar - samstundes som dei seier noko om ungdomskulturen i regionen.
Karakterane i denne kampanjen skal være naive ungdommar med begrensa kunnskap om verda dei må reise gjennom, utforske og oppleve - og passar derfor bra som einslags introduksjon til "Tåkefyrstar og Røvarbaronar"- settingen (aka. Fantasifjas). 

1. "Lykke Liten", eit sultent eksemplar av Trollpakkslekta (Spelleiarskapning).
Lykke Liten vart funnen av Herr og Fru Krikrokli medan det berre var eit lite knøtt, og det aldrande barnlause ekteparet falt pladask for den lille hjelpelause skapningen. Sakte men sikkert har Lykke ete det som er å ete på garden, inkludert Fru Krikrokli, men er framleis svolten.

2. Kari Kroken utkledd som " Hei, Bamsebjørn", i ein heimesydd pels- heildress, - og Kristin Krokbu utkledd som OC (orginal karakter) "Linda Lolitakanin".
Dette er to sprudlande og energiske jenter som likar gutar, handarbeid, eventyrkrystallar, fart og spenning. Dei har begge bein i nasen, sterke meininger og skingrande høge stemmer. Dei er utprega sosiale vesen, og er dei naturlege leiarane for gjengen. 

3. Tåkeløparlerling Kathrine "Katten" Kroken i heimesydd pels- heildress.
Den stille, seriøse og mystiske jenta som fungerer som ein snusfornuftens motvekt til dei to lyserosa venninnene. Dette er og karakteren som stadig overraskar med skjulte evner, stort mot og gode løysingar på problem.

4. Kalle og Kjetil Kroksvingen, begge i heimesydde Naturtro- kostymer.
Desse umodne kjekkasane har forspelt seg på eventyrkrystallar, og draumer om å bli like store krigarar som Naturtro, helten frå favoritteventyrkrystallserien deira. Det gjenstår enda å finne ut om dei berre er skrythalsar, eller om dei er like barske som dei hevdar å være. 

5. Buskgaldrer Bernard Burot, betenkt beskyttar av den kostymekledde ungdomsgjengen som må ut på eventyr (kan fungere som både spelar- eller spelleiarkarakter).
Lokal buskgaldrar som enda har mykje å lære. Glad i fred, ro, meditasjon og urtete. Denne tunge typen er også utstyrt med eit grueleg grettent gemytt og mangel på humor.  

Innleiande scener.
Det vil være naturleg å starte denne kampanjen med nokre faste scener, for å presentere setting, karakterar og sjølve scenarioet. Etter at desse "obligatoriske" scenene er spelte ut, er det meininga at spelgruppa må tilnerme seg verda ut frå skildringar og mekanikk beskrive i rettleiinga (eller bloggen, alt etter som). 
I utgongspunktet bør ein ha ei "sand box" tilnerming til verda. Kampanjen vert då ei "mogeleg retning" - eller ein "eventyrkrok" som spelarane kan velge om dei vil bite på etter at dei innleiande scenene er spelte.

Scene 1: "Leirbålsong".
Ei gruppe ungdommar feirar at semesteret på grendaskulen er over med å reise på campingtur i utmarka som omringer grenda dei bur i. Dei har med seg eventyrkrystallar, snop og energidrikke - og har store planar om å døgne minst to netter på rad. Det vil være naturleg at karakterane etter tur får litt tid til å presentere seg, skryte av eigne evner - og seie litt om kva dei draumer om å bli der i livet.

Scene 2: "Et rop om hjelp!"
Denne scena startar litt utpå natta, akkurat medan ungdommane er på sitt mest hypre. Medan dei driv og åmar seg omkring i soveposane eller heildressane sine - og lagar masse spetakkel, vert dei oppsøkte av ein gråtande bondekar som har høyrt ståket, og sett lyset frå bålet. Bondekaren, Hr. Krikrokli, forklarer hikstande at kona hans er vorte eten av eit Trollpakk. 
Han kan vidare fortelle at det har vorte sendt bod etter den lokale Buskgaldraren, og han lurer på om ungdommane kan hjelpe til med å halde kontroll på beistet til trollmannen er på plass. 
Den fortvila bonden, og historia hans, vert presentert - spelarane er meir eller mindre forplikta å bli med til garden hans for å ta i eit tak.

Scene 3: "Lykkelia"
Skildring av den vesle garden oppe i lia, der eit Trollpakk nett har ete bebuarane frå gard og grunn (Her må det såklart lagast ein plansje - etter samme mal som dei som er presentert tidlegare).
Skildring av det vemmelege Trollpakket, og avklaring av karakteranes umiddelbare reaksjon på dette (sjå tabell under).

Scene 4: "Mens me ventar på Burot"
Skildring av det døgnet det tek før buskgaldraren dukkar opp.
Scena kan med hell spelast/skildrast som ein "montasje" (slike som ein ofte ser på film).
Mykje av utfordringa i scena ligg i å skaffe nok mat til Lykke.
Forvikl gjerne med jamnlege kast for Ferdafolk, Lokale Heltar og/eller Monster!

Scene 5: "Buskgaldrarens Bønn"
Buskgaldraren dukkar endeleg opp, og forklarer at han nok treng hjelp av ungdommane.
- Trollpakket må følgast opp til Trollbyen i Huren Luren.
- På grunn av dei sterke følelsene, og reaksjonane, Trollpakk vekker hjå folk er det ikkje lurt å følge Heimvegane.
- Det vil måtte skaffas store mengder mat undervegs.
- Det er mogeleg at dei vil støte på fleire hindringar lenger oppe i Tåkeheimen, men buskgaldraren vil spele med korta tett, og berre antyde at det kanskje finnes "krefter" som vil være interessert i å gjere turen vanskeleg.
- Det vil sjølvsagt bli lokka med ei stor belønning for vellykka oppdrag.

Scene 6: "Valgets kval"
Skal dei verkeleg ta på seg det farefulle oppdraget? 
Spelarane grunnar og samtaler rundt leirbålet, og vert einige om kva dei skal gjere vidare.

Om Karakterane takkar ja til oppdraget: Ut på tur!
Spel reisa pertenteleg - dag for dag - i ønska system. 
Det vert jobba med å utarbeide eit sett "prosedyrar" for spel, som er meint å skulle fungere systemuavhengig, og som skal "bidra til grunnstemninga" eg er ute etter å skape. 
Desse prosedyrane som skal mellom anna ta for seg:
Reise, Kvile og Møter (av den tilfeldige sorten).
Eg vonar å komme tilbake med meir om dette seinare ein gong.

Om Trollpakk:
(Utdrag frå monstermaualen)
Trollpakk er enkle å kjenne att, både på den store hårmanken i grelle fargar, på det konstant salige gliset, men og på dei sterke følelsane som vert sett i gang hos alle som ser dei. 
Bortsett frå å stirre tomt ut i lufta, og smile fårete, gjer ikkje Trollpakk mykje anna enn å ete. Det er som om det ikkje er botn i dei, og det er nestan umogeleg å stille appetitten deira. 
Det finnest mange skrekkhistorier om stakkars bønder som har funne, vorte glad i, og teke til seg Trollpakk. Desse stakkarane har alle vorte ete frå gard og grunn - og når alt anna er fortært - enda som dessert.
Trollpakk er kjønnslause, og vert fødde - og sette ut i skogen - av ei Trollemor.

Trollpakk Reaksjonstabell (d100*@):
d100
Kjensle
Effekt
01 - 20:
"Mord i blikket" 
Karakteren får ikkje ro til sinns før den har laga hakkemat av dette motbydelege monsteret…
21 - 50:
"Er det ikkje deilig å ha nokon å hate?"
Karakteren utviklar umiddelbart eit intenst hat til denne slitsomme skapningen, og vil helst slippe sjå den… 
51 - 79: 
"For ein latterleg, komisk skapning…"
Karakteren klarer ikkje anna enn å le av denne stakkarslege skapningen, og skadefro byrjar straks pønske ut situasjonar den kan puttast i som gjer den enda meir komisk.
80 - 00: 
"Kjærleik ved første blikk <3"
Karakteren vert rørt til tårer, og vert varm i hjartet, av å sjå den hjelpelause og nusselege skapningen, og vil gjere alt i dens makt for at det skal ha det bra.
(* Kastet vert modifisert av relevante Eigenskapar og/eller Dugleikar).
(@ Kastet vert og modifisert av storleiken på Trollpakket, t.d.: - STOx2)

Monday, December 27, 2010

12) Grenselandet

Da var det vel på høg tid å oppdatere litt igjen.

Som nevnt i innlegget "8) Under Lupa" har eg dei siste månadane jobba med eit delprosjekt som eg har kalla "Grenselandet". Dei tre grendene som har vorte presentert i dei foregåande innlegga er henta derifrå. Etter mykje planlegging, ein halv dag med skissing, ein heil dag med blekking og eit par dagar fargelegging kan eg no endeleg vise fram det ferdige kartbladet over området.
Det er mykje visuell informasjon pressa inn på denne sida, og ein del av den kunne nok vorte utdjupa eller diskutert, men for å gjere innlegga mindre teksttunge er dette utelatt i denne omgang. Det einaste eg tek med no er "pitcha" til dei fem scenario- ideane som er market med tal i margen på kartet - berre for å gi nokre idear om korleis kartet kunne vorte nytta.

1. "TROLLPAKK!" 
Ein lang episk kampanje der ei gruppe lokale ungdommar reddar ein stakkars bondefamilie frå eit "Trollpakk", og vidare må føre det gjennom heile "Tåkeheimen" tilbake til "Trollbyen" i "Huren Luren".

2. "I Rocketåka..."
Ein lettbeint og humoristisk kort kampanje der ein følger  Rikskjendisane i populærorkesteret "Barbarane" på turne frå vertshus til vertshus gjennom Tåkeheimen.

3. "Jason & Pixton"
Ein tung og blodseriøs kampanje der ein følger den hektiske og dristige landmålarekspedisjonen frå "Skjold" til "Porten" - for å klarlegge om det er mogeleg å bygge ei gjernbanelinje gjennom Grenselandet.

4. "Gjengen dreg på Isi Pisi Con".
Eit lite satirisk scenario der ein følger ei gruppe lokale ungdommar som skal reise heilt opp til Munning for å ha "art- stand" på festivalen "Isi Pisi Con".

5. Grensevakt med "Besten".
Eit lite historisk- humoristisk scenario der ein følger to ungdommar som må ta seg av den gamle og huskalause bestefaren som lever meir i fortida enn notida.

Såh... då er det ikkje lenger nokon unskyldning: "Ta dette kart, og hold det hardt - og kom deg i veg!"

Sunday, December 5, 2010

11) Og enda ei...

Bua
Den første Skyssstasjon på Rute 6 i det halvoffisielle rutekartet over Grenselandet og Nedre Elvheim. Det er også plassen der du kan få kjøpt litt av kvart som du treng. 
Etter å ha hatt ei overveldande kjensle av villmark, får ein her ei påminning om at ordenen fins der ein plass - i form av 2 daglege ankomstar av Pakkbeistekspressen - 1  kvar veg. Det er og plassen for eit varmt måltid og litt sladder ved peisen, før ein tek til på neste etappe mot Elvdalen.



1. Billettbu og Hybel for Ordensvakta på Bua.
Kåre og Bjarne bytter på å sitte vakt i billettbua. Den eine søv borte på hybelen, og den andre legg kabal i bua. Om det skulle skje noko langs vert den av dei som kviler vekt - slik at begge får med seg det som skjer.
Bua er lita og trong, men ein liten vedovn gjer den lun og varm heile året. Hybelen har 2 køyesenger og begrensa kokemogeligheiter, det går mest i kaffe på ovnen. Mat hentar dei seg på Cafeen. 
   

2. Bua Butikk og Matsal.
På Butikken kan ein finne det meste, alt frå soveposar og fiskeustyr, havregryn og nøkkelost, skobørstar og teltpluggar, malingsspann og svømmeføtter, til marsipan og Tårnbakkehonning. Det er Mor eller Linda som ekspederer, medan Bjarne Bugris Jr. og Sr. svirrar omkring i bakgrunnen og fører bok eller inventarlister. Butikken har også det største utvalget i fiskeutstyr og syklar i heile Grenselandet.
Maten er dugeleg, og råvarene lokale. Det er ofte folk innom, og kvar time - på dagtid, kvar tjedje på nattestid - kan det trillast for "Lokale heltar" og "Ferdafolk".

3. Bjarne Bugris Jr. sitt nybygg.
Jr. har fått bygd seg ei lita kirsebærsraud stove på plenen bak Butikken der han og madammen no bur. Hagen har ikkje kommet igang med enda, og denne sesongen har han lova ho at det skal bli fart i sakene… han må berre få ut nokre kroner frå butikken, slik at det kan bli standsmessig gjort. 

4. Bua Post og Spedisjon, filial for Bugrendene er eit stort grønmåla skur, med ein trong hybel i eine enden. Skuret er fullt av post og gods i mellombels oppbevaring, og på hybelen bur ungkar og Postmester av 4. klasse, Patrik Pettersen. Det er han som er "høgast i hatten" på Bua, sjølv om fleire andre i grenda som meiner at det er dei som eigentleg burde være det.

5. Bjarne Bugris Sr. si orange storstove er eit langhus det står respekt av, og sallongen hans kan huse store møter. Madammen har utsmykka alle roma i duse lilla fargetonar, med klassiske møbler og ein veldig høgtidelig stil. Hjå Sr. får ein servert te, om ein vil ha mat må ein fint stikke over på cafeen. 
For mange år sidan, like etter første turen til Nye Elvesal, kjøpte han seg eit trøorgel - i håp om å få huse ein jazzkonsert eingong. 

Folk Flest på Bua

Sjølvutnemnt Ordensvakt. på Bua - Skyssbanden.
Dei vil på pågåande vis halde ro og orden i grenda. Begge ser på seg sjølv som utruleg kjekke og barske karar, og dyrkar kvar sin litt harry stil. Så lenge du betaler billett på Skyssbeistet, og ikkje lagar kvalm på Bua, vil dsei stort sett la deg gå til slutt.  

Postmester Patrik Pettersen
Personen med høgast formelle rang i Bua, og som innimellom må komme ut og ordne opp når dei to i billettbua vert for masete. Han er høgt oppe i skyttarlaget, og kontaktar i Dei Hemmelege Styrkane i Elvheim.   

Kaksen er ein viktig politisk spelar i Elvheim. Han har kontakter i alle lag, og er vanskeleg å komme utanom om ein har planar ein eller annan plass i Bugrendene. Om du er på godfot med kaksen, kan du få ting til - om ikkje vert du blokkert politisk.

Lillebror og Kvisten.
Dårleg skjult hyllest til Anne Cath. Vestlys "Knerten", og hele grenda er på en måte Grenselandets versjon av "Gampetreff". Far er handelsreisande i Kåper og Kjoler for fabrikken i Dalen Bru, men kjem heim nokre dagar annakvar månad, Mor jobber i Butikken, og Lillebror må vente utanfor - heilt til mor kjem i døra og blinker at dei kan ete føremidagsmatpakker. Lillebror får tida til å gå med å snakke til ein rar pinne som han kallar Kvisten, og syklar fram og tilbake framfor billetbua. Lillebror er troande til å snakkemed framandse, og legge ut på små eventyrlegheiter, stadig mens han snakkar høgt til pinnen sin. 



1. "Kontrollør Kåre med Klubba" og "Bjarne Betjent":  - "Til teneste, ferdafolk! Korleis kan me hjelpe dykk?" 
Når det skjer så lite som det no tross alt gjer på Bua, så er Ordensvaktjobben kansjke i kjedeligaste laget. Når ein i tillegg må slite med ein masande drittunge på trehjulsykkel, som stadig trillar ein i beina, så vert ikkje humøret heilt på topp.
Dei få gongene om dagen det endeleg skjer noko vert dei kanskje litt i overkant ivrige i tenesta - og dei gjer det berre veldig tydeleg kvenn som er sjefane i gata der. 
Kåre er god i nevekamp, og riktig så god med klubba, medan Bjarne er svært så nevekampnyttig, og ein nervøs skyttar. Rifla heng alltid klar på veggen i vaktbua.
     

2. Arbeidarane på Bua Butikk og Cafe: - "Velkommen inn, framande, er det noko spesielt du ser etter i dag?"
Siggurd Sleivhendt koker suppe på kjøkkenet. Han er ein grei kokk, og ein driven strengeleikar. Kvar tysdag og torsdag kveld har han fri, for då spelar han i husbandet på Grindbukroa til langt på natt.
Mor jobber som butikk og serveringsdame medan Lillebror venter tålmodig utanfor butikken heile dagane medan ho jobbar. Lillebror føler seg ikkje aleine, for han har jo kompisen sin, Kvisten, til å snakke med.
Linda Limbu jobbar som serveringsdame saman med Mor. Ho synes det er spennande - og litt skummelt - å bu heimefrå for første gong, men samtidig var det godt å komme seg bort frå heimgrenda.
Gabriel Grønningberg er den stille og arbeidsame gartnaren som enda ikkje har fått si diagnose. Han puslar med grønnsakshagen heile dagen, og på kveldane rek han til fjells eller skogs på jakt etter vågestykker.  
  
3. Bjarne Bugris Jr. og Madammen Magdelen: - "Ein dag skal alt dette bli mitt!"
Står som formell eigar og bestyrar for Bua Butikk og Cafe, men skjønar meir og meir at han vert helde for narr. Jo lenger han vert helde frå den reelle makta, og pengane i bedrifta, dess meir barnsleg og ekstrem vil oppførselen utvikle seg. Han er og ein real rundbrennar, og vil til tider verte på kanten innpåsliten og tafsete. Det var mellom anna slik han møtte sin madam - ei fersk serveringsdame på Cafeen, no i burugletrening av svigermora, Madam Marthe. Sist men ikkje mins er Jr. glad i spel og lotteri. Han tippar alltid Tåkelotto, arrangerer stundom pokerlag heime i kjellarstova - og eit par gonger i året spelar han seg bort på casino i Munning.


4. Postmester Patrik Pettersen: - "Diskresjon er vår spesialitet, posten blir hurtig - trykt levert"
Patrick har ein muskedunder under disken, og ein sabel under senga. Han vil nytte desse reiskapane om nokon forsøker tulle med posten. Han tek imot, og sorterer nysgjerrig alle brev og pakkar, før han sender dei med eit av dei ulike postboda som traskar gjennom Grenselandet.
Postmesteren er også ivrig styremedlem i Bugrendene Skyttarlag, og ligg alltid høgt på resultatlistene på Heimskyttarstemna. Ungkar, og heng ofte på Grinbukroa når det spelast musikk der.


5. Bjarne Bugris Sr. og Madammen Marthe: - "Kroner en, kroner 2, kroner 3, kroner 4…"
Ein stolt kapitalist som har bygd opp Bua Butikk og Cafe frå grunnen av, og som no styrer ved å trekke i trådane frå pensjoniststolen sin. Han ønsker sønnen sin alt godt der i verda, men har innsett at guten ikkje klarer ta vare på pengane, og må berre ordne opp. Dette har ført til ei litt anstrengt stemning i grenda, sidan alle må spele ut forestillinga om at Bugris Jr. er sjefen når han er tilstades for å dumme seg ut. Marthe, den makelige madammen, vil også ha eit ord med i laget - og er kjent for å avbryte mannen sin både titt og ofte.
Som ein av dei få sjølvstendige næringsdrivande i Bugrendene var han ein viktig, og inflydelsesrik person. Han har fleire gonger vore kalt inn til tåkeråd i Nye Elvesalen, og snakka Grenselandet si sak. Kunne kanskje vore ein kandidat til Den Ambulerande Tåkefyrstetittelen, før han vart for gammal.  



10) Ei grend til...

Eg veit ikkje om den forrige posten falt i smak, men her er no uansett ei grend til:

Grindbu
Grindbu er ei koselig lita grend samla omkring Grindbu Kro og Camping. Bygda er kjent som "Grenda der det er et hus med sykt mange hagenisser", og folk både nord og sør for Riksgrensa kan fortelle artige historier derifrå. 


1. Grindbu Kro og Camping.
Er i sommersesongen ein ganske populær overnattingsplass for mindre bemidla Ferdafolk, og eigarane Kokkekarl og Krukkekari, har rykte for både å servere god mat og yte fortreffeleg service. I mesteparten av sesongen har dei fullt opp med gjester i hyttene, men det er alltid plass til fleire telt i hagen. Dei driv og teltutleige og talentspeiding som attåtnæringer til krodrifta. 

I helgene er det ofte dans og moro på Kroa, og det er faste lokale trubadurar som underheld på tirsdagar og torsdagar. I tillegg til alskens tilfeldige ferdafolk er kroa også populær blant folk flest og lokale helter.

2. Hagenissehuset
Ei pussig lita rosa stove, med flere dusin illevarslende hagenisser i den vel pedantiske hagen. Huset, hagen og plenen er alltid perfekt, og nissene er plassert i ulike grupper - som om dei speler ut scener i eitslags nisseteater. Far i huset er ein imøtekommande og triveleg kar, men kan verte ganske ilsken og sur om nokon skulle finne på å stille opp hagenissene i obskøne stillinger i hagen - noko det sjølvsagt har gått sport i å gjere, både for Grindburampen, og for studenter, landstrykere og omflakkere etter ein våt og grom kveld på kroa.

3. Grønestova
Smålåten stove med koseleg grovtrimma hage. Øvst oppe i hagen er det ei røykestove, og det er ein konstant fiskeeim der oppe -  noko som tiltrekk seg villkatter av alle slag. Gamle Gunnar Grindpassar, gamlingen som eiger huset, er på dagane oftast på fisketur oppe i dalen en plass, og på kveldane er han å finne ved sidan av peisen, i stamkråa si, innst i kroa.

4. Raudestova
Eit velholdt lite hus, med ein bakhage skjult av buskar og epletrær. Hus og hage vert halde plettfritt av den nervøse, men sjarmerande familien som bur der. Den sky arkitekten sit stort sett på altanen sin og jobbar med noko som sikkert skal bli stort. Familien foretrekker å surre omkring i den skjerma bakhagen på fritida si, der dei grillar, spelar badmington eller slappar av i hengekøyer. 

Grindburampen
Ungane i grenda spring oftats fritt omkring på den omkringliggande innmarka, der dei driv med ballspel, regelleikar eller styrer med å byggje seg ei klubbhytte - men dei har alltid ein speidar ved vegen som passar på når det kjem Ferdafolk langs vegen. Då beinar dei til grinda ved milesteinen, slik at dei kan åpne - og prøve lure til seg nokre takkeslantar for bryet.
Om dei reisande ikkje vil punge ut, eller er vel gnitne etter Grindburampen sin meining, vil dei gjere sitt beste for å skaffe seg sin "rettmessige toll". Akkurat kor langt dei er villige til å gå for å få sin toll varierer med dei reisande, men dei vert stadig meir utspekulerte og agressive i framferda si. Det er ungane til Karl og Kari som er pådrivarane for denne aktiviteta, mens resten av ungane vert vekselvist lokka og pressa med på fantestrekane. Grindburampen kjem - om dei får halde fram uforstyrra i nokre år med denne "leiken" -  til å utvikle seg frå uskuldig ramp, til ein ordentleg bande.
Dei voksne i grenda er sjølvsagt meir eller mindre blinde for, og stort sett uvitande om, ungane sine aktivitetar, og enda har ikkje brekka deira vore store nok til at det har vorte noko sak, eller særleg folkesnakk om det.  

Hagenissen
Blandt hagenissane til Ragnild Rosenkopp skjuler det seg ein ekte nisse. Han er ein ekte grinebitar, men har med tida vorte veldig sjarmert av Ragnhild sidan ho steller så godt med "frendane" hans. Den hemmelege beundringa har med tida gått over til å bli ei form for brennande, voldsam kjærleik til ho, og han vil gjere det som står i hans makt for å beskytte ho. 
Han veit til dømes at hennar sarte natur gjer ho veldig opprørt om ho skulle finne hagenissane på plenen plassert i obskøne stillingar, og pleier alltid flytte dei tilbake på plass medan resten av grenda søv. Han vil og, på ekte nissevis, kaste ei lett forbanning over slike syndarar - og gi dei 3 dagars ulykke som straff.

Motivasjon folk flest
Innbyggarane i Grindbu er trivlige på ein kårny måte, passe lune, og rause med smila. Dei lev i symbiose med Ferdafolket, og er på godfot med bufolka - slik må det være for at foretninga skal gå bra. Det er usikkert om Kroa og Campingen hadde vore like populær om huset med hagenissane ikkje var der. Grindbuene vil forsvare grenda si med nebb og klør, men også gå ganske langt for å glatte over ting for å unngå konflikt.

Spion!
I grenda lever det ein topptrent Riksspion som overvåkar all trafikken langs rute 6 på Heimvegen. Han sender stadige koda rapportar sørover, med alsken innsamla hemmeleg informasjon, noko han sjølvsagt ikkje ville komme til å inrømme under tortur eingong. 
Folk flest i Grindbu


Folk Flest i grindbu lever av turismen, og dei er derfor omgjengelege menneske. Dei er glade i sang og dans, smil og spel, latter og musikk, kunst og kultur - og dei likar alle å ha det fint rundt seg. Bygda vart, som resten av grenselandet, hardt råka av Portens Fall , men etter at Rosenknoppane dukka opp har det byrja gå mot lysare tider. Historia om Hagenissehuset har spredd seg i alle dei alternative og merkelige miljøa rundt om kring, og tiltrekker seg ein god del rare turistar. Både Grindbuene, og resten av folket i bugrendene, har byrja bli stolte over statusen som det litt snurrige landemerket har gjeve dei.

I sommarsesongen er det 75% sjanse for at det er mellom 1 og 4 Tilfeldige Reisande innlosjerte på Campingen, eller kvisten, men det vert alltid gjort rom til fleire.
I vintersesongen er det 20% sjanse for at dei har 1-2 Tilfeldige Reisande buande på kvisten.


1Karl Kost og Kari Kraftig, betre kjent som "Kokkekarl" og "Krukkekari" driv den rett så trivelige Grindbu Kro og Camping. Dei serverer næringsrik og smakfull mat, og det står i dei gamle guidebøkene at det lønnar seg å ta ein matstopp hos dei, før ein tek til på bakkane opp mot Porten, og resten av Elvheim.  

2 Reidar og Ragnhild Rosenknopp kjem opprinneleg frå Nisseby i Hagelandet - rett aust for Hjertelandet og Byen Kjært Barn. Dei kom flyttande til Grindbu for snart 15 år sidan, og på den tida har Rosenknoppane verkeleg sett grenda på kartet. Dei aller fleste, både i Grenselandet, Elvheim - og etter artikkelen i Riksbladet - også ein god del folk i Det Staselege Riket, har nok høyrt om Hagenissehuset. Til saman trekjer huset, og hagen, deíra nestan 1/3 av folka som overnattar på Grindby Camping i sommarsesongen. Til ære for besøkande legg Reidar sjela si i at hagen og eigedommen alltid skal sjå perfekt ut - noko som gjer at han nesten alltid pusler med noko ute i hagen, medan Ragnhild passar på at han gjer det rett.

3 Gamle Gunnar Grindpassar kjem frå ei lang stolt slekt av grindpassarar, men rakk berre å passe grinda saman med bestefaren sin i nokre få år før Porten Fall, og Riksgrensa vart flytta. Etter  å ha reist rundt i verda på alskens eventyr vendte han i godt vaksen alder tilbake til fødestova si, og har sidan den gongen fått tida til å gå med å fiske og fortelle skrøner. Gunnar er truleg den beste sportsfiskaren i heile Grenselandet, og daglegstova hans er full av trofe og pokalar frå alle konkurransene han har vunne.  

4 Geir og Gygrid Grindbukk. Arkitekt Geir jobbar under kunstnarnamnet Askil Deco, og sender skissene sine med post ned til Begge Ender, og han har ein massiv korespondanse gåande. Alle i grenda vart overraska då Geir - med familie - dukka opp like etter at Gamle Grindbukken gjekk seg bort. Ingen hadde visst at Grindbukken hadde ein ukjent son, men alle papira stemte, og sidan den tid har han vorte eit kjært innslag i grendabilde. Han sit ofte oppe på verandaen sin og slit med dei viktige teikninganse sine. 
Når ho ikke står i kjøkkenet og lagar dei nydeligste sjokkokjeksa, eller held ein solid kjøkkenhage, hjelper Gygrid til med servering på kroa. Grindbukkfamilien er eigentleg spionar i ei av etterretningstenestene i Det Staselege Riket… kvenn skulle trudd det?! 

5 Grindburampen med Unge Herr Kjartan og Unge Her Ketil Kraftig Kost i spissen, og tvillingane Kim og Kine like bak. Dei er den harde kjærna, og står bak alle dei lumske planana dei sit og klekker i klubbhytta si. Dei har ambisjonar om å bli ein berykta bande etterkvart, minst like vidgjetne som Heimselvepiratane.
Dei ganske oppvakte, men akk så naive Rosenknoppane, Ragnhild og Robert, blir mang ein gang lurt ut på halsbrekkande stunt som ikkje Ketil eller Kjartan har lyst å gjere sjølv. Dei har også den snillaste mora, som alltid stiller opp, og som har tid til å steike sveler.
Nykomlingane, Gard og Gjermund Grindbukk, er skjøre, klønete og tafatte kunstnarsjeler som alltid får dei værste jobbane. Dei vert sterkt oppmoda av foreldra til å "leike med dei lokale barna", sjølv om dei eigentleg hadde hatt meir lyst til å lese sonetter eller spele sjakk. 

**