Thursday, December 2, 2010

9) Grenselandet, ei samling grender og avkrokar.

Som lova i sist innlegg vil eg i dette, og dei neste innlegga, presentere smakebitar frå delprosjektet "Grenselandet". 
Det er ei stadig voksande samling "plansjar" eller "spelgrunnlag", som er meint å være visuelle utgongspunkt, med utfyllande (knapp) tekstmasse, meint til støtte for improvisasjon for spelleiar og spelarar. 
I seinare innlegg vil eg og freiste utdjupe tankar omkring bruken av desse, men no i første omgang prøver eg å berre vise eit "ferdig" eksempel:  




Limbu
Limbu er ei ubetydelig grend som ligg og slumrar i grenselandet mellom Elvheim i nord og Haugalandet i sør. Bygningsmassen er ei lita samling triste trehus med stusselege hageflekkar omkring.  


1. Limburgertunet
Huset er det som vart måla sist i grenda, for omlag 10 år sidan, og ser derfor - nest etter skulestova - finast ut. Per, Pål og Pappsen Limburger har også den minst overgrodde hagen i Limbu, noko som skaper mykje misunnelse og snakk. 

2. Limbjørktunet
Ei grim lita grå stove, i ein overgrodd oppgjeven hage, som verkeleg kler den gamle alkoholiserte gubben som bur der. Per Limbjørk er grendas eigen heimebrennar, og Bjørkekvaespriten hans er berykta heilt opp til Munning for smak og styrke.  

3. Skuret
Eit vaklevorent skur som den evneveike Enesp har bygd sjølv, og seinare måla i skrikande fargar. På heile den ingjerda hagepletten han har brote, så veks dei største solsikkene i distriktet.

4. Limbusktunet
Den gamle skulemesterstova er nestan ikkje til å kjenne att. Malingen flassar, taket lekk og ugraset veks tett. Heile hagen kring den ein gong så staselege Limbuskstova er fylt med skrot og skrap som Limbuskbrødrene har funne langs vegen.  

5. Limbergtunet
Den gamle kårstova på Limbugarden, som vart kjøpt fri for ein mannsalder sidan, var eit opppussingsprosjekt alt den gong. Det seiest at det kviler einslags forbannelse over huset, for alle forsøk på å starte opppussing har enda i tragiske ulykker. Det er livsfarleg å gå barbeint i - og umogeleg å klippe - det høge graset kring stova, fordi det er fullt av gamle rustne spiker, skruar og verktøy som har vorte liggande etter misllykka opppussingsforsøk. 

6. Limbugarden
Det som eingong var eit flott hovedhus på storgarden Limbu er no berre eit trist syn. Det har riktignok vorte gjort mange forsøk på å sette det i stand, men alle forsøka har stranda etter kort tid. Huset har derfor fleire felt maling i ulike fargar, og dei viltvoksande buskene i framhagen klarer ikkje skjule alle dei innkjøpte materiala som aldri vart nytta, og som no ligg og råtnar. 

7. Skulestova
Det einaste huset som ikkje står for fall i grenda, og det einaste huset som ikkje er bebodd. Mandag, Onsdag og Fredag kjem Buskgaldrar Lunix ruslande ned frå Tårnbakken for å halde skule for unge håpefulle i Bugrendene Skulekrins. 


Folk Flest i Limbu
Limbufolket er ei trist samling menneske, som alle slit med sitt, og skuldar alle andre for slitet. Dei lever simpelt, og livnærer seg av jakt, fiske, sanking og det dei klarer å dyrke i dei vanstelte kjøkkenhagane sine. Etter at Porten Fall har den eingong så stolte grenda hamna "midt i mellom alt", noko som pregar folkesjela, men Limbuene ser på seg sjølv som Elvdalsfolk, sjølv om dei i følge Rikskartverket bur innanfor Riksgrensa. 



Innbyggjarane er sky og mistenksomme, og svært lite gjestfrie, og dei vil ofte gå latterleg langt for å slippe kontakt med framande. 
Bortsett frå Enesp, så ser tilfeldige reisande lite til Limbuene, men ein kan alltids ane at dei nysgjerrig følgjer med gjennom glippene i dei fortrukne gardinene. 

Det er alltid ein 75% sjanse for at "stakkars evneveike Enesp" heng ved Milesteinen og ventar på forbipasserande han kan snakkar litt med. Limbufolket skammar seg sjølvsagt grenselaust over han, og kva familie han stammar frå er eit godt bevart hemligheit.   



1. Per, Pål og Pappsen Limburger.
Etter at lillebror Espen reiste ut, og gjorde det stort som funksjonær i Riksforvaltninga, har det vorte stille på Limbjørktunet. Pappsen skammar seg over, og storebrødrene Per og Pål er svartsjuke på, han som kom seg unna. Begge brødrene har ofte omsnakka draumar om å pusse opp Limburgerstova, og hemmelege draumar om å "få seg kvinnfolk", men det dukkar stadig opp nye unskyldningar for at begge deler vert utsett. 

2. Per Limbjørk
Den siste av Limbjørkbrørne har vorte grå i hengjebarten og stiv i kroppen, men lagar framleis den sterkaste Bjørkekvaespriten i grenda, noko han og livnærer seg av å selgje. 

3. Enesp
Ein evneveik fargeklatt som framleis forsøker å komme seg gjennom førsteklasse på grendeskulen, og som ellers heng ved Milesteinen i håp om at det skal komme reisande han kan slå av ein prat med. Enesp får med seg, og deler gjerne med alle andre, det meste som skjer i grenda - utan heilt å skjøne kva som skjer. Enesp har og dei grønaste fingrane i grenda, og er manisk oppteken av Solsikkene han dyrker.

4. Per, Pål og Mor Åse Limbusk
Aleinemora Åse freistar holde styr på dei to slyngelsønene sine, og livnærer seg i ledige stunder som vaske og bakstekone. Slyngelsønene jobbar hardt med å draume om den store verda, drive dank og debrive faenskap, og kjem til å verte dedikerte drankarar med tida. Deira totale mangel på folkeskikk, sosial intelligens og tankar omkring årsak - verkning, kan stundom få brørne til å prøve å rane, svindle, eller på anna vis plage tilfeldige reisande.

5. Per og Pål Limberg
Når dei to brødrene ikkje sturer, og syns synd på seg sjølv, freistar dei å holde orden på Limbergtunet etter at dei mista foreldra sine i ei tragisk oppussingsulykke. Sakte men sikkert vert forfallet meir og meir overveldande. Begge drøymer om å reise ut i verda for å oppleve spennande eventyr, men ingen av dei har tiltak nok.

6. Per og Pål Limbu
Etterkommarane etter den ein gong så velståande Limbuslekta driv med sporadisk jakt og tømmerhoggst, når dei ikkje er opptatt med å drikke seg frå gard og grunn. På fylla er dei først euforiske i ein kort periode, før dei sakte men sikkert vert meir og meir bittre og ondskapsfulle. Det seiest at bror deira, Espen, gjer det stort som skreddar i Fagersalane, noko begge brørne fnyser av. Dei er begge på desperat utkikk etter "eit realt kvinnfolk", noko som vert mindre og mindre truleg at dei klarer å få seg.



Motivasjon folk flest: Passive, Mistenksomme og spionerande.
Innbyggarane vil eigentleg berre passe sine engine saker, og få væra i fred. Ingen av karakterane vil handle med mindre dei føler seg truga, men kan om dei vert provoserte stå opp med moderat makt, enkeltvis eller samla.

Motivasjon Enesp: Aktiv, søkende, sosial.
Finne nokon å snakke, og dele einsemda, med.

Motivasjon Limbuskbrødrene: Periodisk aktive, dumdristige, agressive
Dei vil i svoltne periodar sjå an dei reisande, og plukke seg ut passande offer, som dei på usympatisk vis vil forsøke å rane, svindle eller kanskje berre banke opp.


***

Om dette falt i smak skal eg forsøke legge ut fleire slike i løpet av helga.

2 comments:

  1. Her bor det nesten bare menn? hvorfor det?

    ReplyDelete
  2. Godt spørsmål! Håper det satte fantasien din i sving:D

    Det kan sikkert være mange forklaringer på dette, og spellleiar og spelarar, kanskje i samarbeid med Enesp, står ganske fritt til å finne ut av dette på eigenhand i ein eventuell spelsituasjon. Her er nokre umiddelbare spekulasjonar:

    - Er det eit resultat av noko overnaturleg, til dømes ei maskulin forbanning som kviler over grenda?
    - Har eventuelle søstre klart å komme seg unna, og søkt teneste på storgardane i Elvheim?
    - Vert ei eller fleire søstre helde fanga i ein av jordkjellarane som incestslave?
    - Eller kan det skuldast ureina grunnvatn som siv inn i brønnane deira og skapar ei kjemisk ubalanse som gjer at det berre vert født gutebarn grenda?

    Den faktiske forklaringa er ganske keisam, og ligg nok i sjølve skaparprosessen av akkurat denne grenda. Då eg fabulerte ho fram arbeida eg ut frå ein litt fiks, og humoristisk, ide som er stjelt frå folkeeventyra:
    "Kva om det fantes ei grend der alle Per- ane og Pål- ane frå folkeeventyra var samla? Ei heil grend full av desse storebrødrene som sjølvsikkert hadde prøvd seg, men ikkje klart det, ute i den store verda - og som bittert måtte sjå at den håplause veslebroren, Espen, reiste ut og gjorde det stort. Korleis ville stemninga i den grenda være?"

    Eit oppfølgingsspørsmål på det du spør om er jo og: Kvar er resten av foreldrene? Og besteforeldrene? Det er mange lause trådar her som det kan spinnast vidare på...

    ReplyDelete