Friday, December 28, 2012

Røvarbandar: "Punkertons".

Punkertonnene

Det er punkertonner over alt. 

Snushanane har ikkje kontor, dei er augevitne. 
Punkerton veit det meste som skjer fordi ein av dei var der da det skjedde. 
Ingen kan vite om dei hadde ein finger med i spelet, eller kor mykje dei sit igjen med av kaka.


Men kva er eigentleg ein Punkerton? 
Dei er Detektivar og Leigesverd, 
Informasjonssankar og Riflemann. 
Semiuniformerte, og til leige for ein neve sølvpengar... 
Din Lokale Punkerton.

Kundekretsen er stort sett fornøyd med tjenestene: 
"66% Resultat! Alltid." som slagordet seier. 
Brukarane er kven som helst, mellom anna Folk Flest, Private Investorar, Familiar, Stiftingar og  Regjeringer.

I Munning kan ein nytte seg av tenestene til mellom anna desse lokale Punkertonnane; Unge Herr Lyseblå, Herr Brun, Herr Grøn og Store Herr Vinraud med Loggboka.




Kvardagen til "Din Lokale Punkerton". 

Morgongry: 
Stå opp, børste av dressen, leite etter føde og andre Punkertonner, for så å lokalisere nermaste radio.

Morgenstellet: 
Høyre "PunkerMaraTonnet -Godmorgon!" på kortbølgeradioen. Godt plassert på 13meter, 21,450 - 21,850 kHz ,den såkalla "Skallefrekvensen" , vert det sendt piratradio direkte frå Punkerton sitt hovudkvarter i Munning Casino &Grill. Schlager etter Schlager, Dose for Dose, vert Punkertonnane mata med Informasjon for dagen.

Første økt: 
Luske ned til sentrum og henge på eit hjørne. Møte dei andre Punkertonnane om ein ikkje har gjort det alt. Snuse litt, og utveksle Informasjon. Tolke og knuse "PunkerMaraTonnet", nynne litt på dei siste Schlagerane. Snuse litt meir, kanskje følge opp nokre lause trådar, spørre litt rundt. Traske litt i felten, banke på nokre dører. Når det nermar seg lønsj samlast Punkertonnane på hjørnet for å Snuse litt meir. 

Lønsj: 
På den lokale sjappa, saman med Folk Flest og Alle Dei Andre. Der det skjer - Punkerton er der.  

Andre økt: 
Luske litt omkring sjappa, møtes på hjørnet for å Snuse litt meir. Utveksle ein heil del informasjon. Luske avstad til felten for å freiste snuse opp noe brukbart. Eller henge på hjørnet til noko skjer - og om det faktisk skjer noko - så var dei der då det skjedde! Det er berre å spørre Din Lokale Punkerton.

Middagstid: 
På den lokale kneipa, saman med både Fint Folk, Folk Flest, Alle Dei Andre. Punkerton representerer.

Tredje økt: 
Luske, Snuse, spane, traske i felten og alt det der som Punkertonnar gjer for å løyse "66% av alle oppdrag - til slutt".  

Kvelds: 
På den lokale pubben, saman med Fint Folk, Folk Flest og Alle Dei Andre - såklart.

Kveldinga: 
På jobb, på den lokale Pubben. Der det skjer. Augevitne. Informasjon. Luske, spane og snuse litt. Snuse litt på hjørnet, seie "god natt" og luske heim, aleine eller i flokk.

Tussmørke: 
Høyre på "Punkertonrapporten" saman med dei andre Punkertonnane på Kortbølgeradioen, tune inn på "Beinfrekvensen",   11 m, 25,600 - 26,100 kHz og få Dagens Informasjon sammen med den riktige musikken servert saman. 

Svarte Natta og Grålysinga:
Då søv stort sett Punkertonnane søtt, før dei vaknar friske og raske neste morgon. 

På bua finn ein desse lokale Punkertonnane, som gjerne tek imot spanande oppdrag; Onkel Marineblå, Agent Orange og Professor Grøn.

I Midtbu kan ein nytte seg av desse tenestevillige lokale Punkertonnane; Herr Gulbrun, Kaptein Koksgrå og Herr Lilla.