Thursday, April 7, 2011

18) Livsteikn

Takk til dykk få trofaste lurkarar som har sjekka innom med jamne mellomrom i februar og mars… beklager at det ikkje har vorte oppdatert på så lenge!

Det er fleire grunnar til det lange opphaldet bloggen har teke, og i dette innlegget vil eg prøve å forklare litt kva som har skjedd sidan sist. Desse, kall det gjerne unskyldningar, kan deles inn i to  kategoriar: 

a) "Det som har med kor mykje tid eg har kunne sette av til Fantasifjasing dei siste månadane…"

og

b) "Dei utfordringane eg støtte på i sjølve Fjaseprosessen…"


Unskyldninger som går på bruk av tid på Fjasing:

- I løpet av den vanlege veka mi så jobbar eg 37,5 timar i ein utruleg ordinær gompejobb. Dei resterande timane av veka mi vert delt mellom ei rekke verdslege ting som soving, eting og å halde hytta eg bur i sånn passe i orden - og mellom ulike kreative prosjekt.

- I februar engasjerte eg meg ein del i "Stopp Dem" - kampanjen til "Natur og Ungdom", og hjalp til å lage seriar til eit teikneserieblad mot oljeutvinning i nordområda. Dette tok mesteparten av teiknetida mi, både sidan eg fungerte som redaktør for ein samarbeidsserie og laga eg mitt eige bidrag i tillegg.

- Eg er og med å fylle "Norsk Teikneserieforum" sitt teikneserieblad "Bobla" med innhald, og me starta arbeidet med Mainummeret av dette i slutten av februar.

- Som om ikkje det var nok, så slutta mars med at eg engasjerte eg meg i "Hyperion" sitt blad "Pegasus" også! 

- Eit siste prosjekt eg har invistert mykje tid på sidan januar er å fungere som "barsk bassist" i ein nystarta bluestrio - Spilled Soup - der eg i tillegg til å kjempe fram spretne bassgangar, har fått ansvar for å skrive tekstane til songane me lagar. 
Sidan me starta opp har me rekt å lage ferdig omlag 8 songar, og spele inn 3 av desse på ein demo - i ekte studio og greier. Mulig eg vert nøyd til å reklamere for dette prosjektet ein eller annan plass snart…

Demoen!D


Forklaring av utfordringane i sjølve Fjasinga:

Sjølv om eg har vore travelt oppteken med andre prosjekt har eg likevel jobba fleirfaldige timar med Fjasing, det er berre at ingen av desse timane har enda resultert i noko presentabelt. Her er ei oppsummering av arbeidsprosessen sidan januar:

Etter at eg i desember 2010 fekk ferdig oversiktskartet over Grenselandet (presentert i innlegg 12), så fortsatte eg å jobbe med lupe på dei ulike avmerka Grendene og Folka Flest som bur i dei… det vart teikna, skildra og farga - men så kom eg til Porten… den tidlegare hovudstaden i Tåkefyrstedømet Elvheim, no ein ruinby med ein viktig historisk posisjon.
Teinkinga av byen, og 2 sider med Folk Flest til å befolke den, var alt ferdig - men då eg skulle skrive skildringa byrja eg støte på problem. Til denne byen hadde eg notert ned alt for mykje informasjon til å kunne nytte same mal som på Grendene. 

Berre for å bryte opp tekstmassen - og visualisere det eg skriv om - kan eg no vise fram "Ballongbilletet av Porten"… utført i eit ganske anna detaljnivå enn dei Grendene som er presentert til no!
Ballongbilete av spøkelsesbyen "Porten".

Dei første forsøka på "ein kortfatta historikk" stranda i endelause utgreiingar av politiske forhold i Tåkeheimen og Riket (område som enno ikkje har vorte presentert ordentlig i bloggen), og som ikkje sjølv den mest trofaste lurkar ville orka presse seg gjennom.

Eg prøvde å gå tilbake til Grendemalen, og skildre Porten i lavare detaljnivå, men i desse forsøka følte eg at byen på mange måtar mista essensen, og funksjonen, eg ville gi den i settinga.

Det neste forsøket var å dele Porten opp i ein serie på 4- 5 innlegg, der kvart innlegg tok føre seg eit tema; historie, politikk, bygningsmasse, folk flest og betydning "i notid" - men støtte i denne tilnærminga på dei same problemene som over - at byen var så tett knytta til resten av verda at det vart alt for vanskeleg å skrive, omstendeleg å bite over, i alle fall på det nivået eg er nett no som tekstmasseprodusent.

Til slutt, etter mykje knoting, kom eg på ein omveg - rett nok tidkrevande, men overkommeleg for mine noværande evner: Historikken til Porten fortalt i teikneserieform. Ein fredagsettermiddag dukka omrisset til ein ide om korleis dette skulle løsast opp, eg trakk pusten, dukka ned i det, og då eg måtte trekke pusten at - utpå søndagen ein gong - hadde strukturen byrja ta tydeleg form.

Til saman har eg laga tekstmanus og "dummies" til 4 kapittel, til saman 20 sider, som tek for seg 4 viktige hendelsar, eller tider i byen. 
Eg har også rekt å skisse ut 12 av desse sidene, og blekke den første av dei. 

Bilete av serieprosjektet der det er akkurat no:
Skissene

Den ferdig blekka sida
Og ok… på ein måte verkar 20 sider som ganske mykje arbeid - men eg veit at om eg trur nok på dette delprosjektet så er det både realistisk og gjennomførbart. 

Den lengste enkeltståande serien eg har fullført er på 24 heilsider, men om eg tek med dei 5 andre fortellingane med dei same karakterane, så vert det til saman over 60 sider… altså, overkommeleg arbeidsmengde - det kjem nok berre til å ta tid^^

Slik som det ser ut no vil dei første blogginnlegga som presenterer dette ikke kunne komme før utpå seinsommaren ein gong. Håpar de tek turen innom når den tid (forhåpentlegvis) kjem.

Og om de er flinke til å kommentere, mase og sparke - kan det hende eg lagar fleire "oppdateringar" eller ein og annan "småpost" innimellom.

Eg avsluttar dette innlegget med eit bilete av ei bok eg fekk i postkassa i går:


Takk for merksemda!