Sunday, October 31, 2010

Blanke ark.

Enorme mengder informasjon straumer gjennom fantasien min, og eg kan berre gløyme å freiste gjengi det med ord! 
Tankeflommen er alt for rask til å skrive, og for detaljrik til å gjengi muntleg, 
men der finnes andre verktøy.

Svarte linjer 
trekte av meg
deler og deler. 

Det kvite deles
- vert forma 
med trygge, mekaniske snitt.

Valg etter valg
åpner og lukker
raskare enn fattbart.

Til slutt:

Ein landmasse tek form 
veks ut av det kvite 
no er det ingen vei tilbake.



Eg starta det heile ved å rissa inn dei første grove strekane, men etter som skaparverket veks, føler eg meg meir og meir som eit medium - ein formidlar - av det som har vorte starta.

I klisteret.

Var eg smartare, så hadde eg nøyd meg med å freiste lage korte, spennende og finurlege historier.
Eg kunne laga dei i ei kurant form, som gjorde dei enkle å selge, eller dele med andre.
I staden gjer eg det vanskeleg for meg sjølv, tenker så alt for stort, 
og eg har berre meg sjølv å skulde.

Problemet med å tenke stort er at "alt heng saman med alt".
Kvart valg eg gjer i skaparprosessen, gjev meg nokre nye mogeligheiter og retninger, 
samtidig som dei utelukkar minst like mange.
Kvar detalj som spesifiserast, åpnar for at eit hav av andre detaljar - av samme type, 
på samme nivå - som då også kan, eller må, spesifiserast. 
Når eg bestemmer noko viktig, oppdagar eg alltid at det er noko meir som må avklarast, 
og dette tek aldri slutt… 
– ein kan dele i det uendelege.  

Så i staden for å fortelle dei små komersielle historiene eg ser så klart for meg, lar eg meg frivillig vikle inn i eit spindelvev av uvesentlege detaljar.
I denne bloggen vil eg la dei som måtte ønske det følge med på denne tragiske innviklinga.