Sunday, October 14, 2012

Nett no: Første speltest av konfliktløysingsmetoden i T&R.


I ettermiddag fekk eg hjelp av "Cha" og "Mustela" til å gjere ein første speltest av konfliktløysingsmetoden som eg har jobba med i haust. Til å vera ein "alfatest" av metoden, utført på skissekart (eller "wireframe" som dei fnisande kalte det) med "proxybrikker" og mellombelse svart/kvitt rolleskjema, så gjekk det relativt raskt - og rett så bra. 
"Wireframekart" og "Proxybrikker"

"Cha" spelte representantar frå okkupasjonsmakta "Det Staselege Riket", "Mustela" spelte fridomskjemparar frå "Grenselandet" medan eg fungerte som spelleiar og regeladvokat. Etter 2,5 time vart det klart at fridomskjemparane hadde klart å stogge okkupantane… denne gongen. 

Historie:
Delar av "Fortroppen" til "Kompani 404" vart droppa i fallskjerm frå luftskipet "Mor" og landa ein plass i villmarka i nærleiken av "Bua". Deira oppdrag var å finne "Ruin A" der dei skulle sette opp ein mellombels base, og forsvare denne medan dei venta på resten av kompaniet. Det viste seg etter landing at det enten var feil på dei militære karta, eller at det hadde skjedd ein reknefeil, så dei fann ikkje fram til ruinen i løpet av første dagen. I kveldinga sette dei opp leirplass i utkanten av eit lite skogholt.
Fortroppen til Kompani 404 (frå venstre): Troppleiing, Jaktlaget og Fiskarlaget


Ein av dei lokale bøndene var vitne til at fallskjermtroppane landa, og beina strake vegen til "Bua" for å varsle ordensmakta. Lensmannen samla raskt saman alle våpenføre menn han kom over, og førte desse ut i villmarka for å finne dei fientlege Rikssoldatane, fast bestemt på å gje Riksmakta noko å tenke på. 
Fridomskjemparar frå Grenselandet: Lensmann med 2 assistentar,
Skyttarlaget frå Bua, 2x3 Vigilantar, 2x Sint Mobb. 


Scenario:
Det var ingen spesielle vinnarvilkår anna enn at troppane frå Grenselandet skulle utslette fienden, medan Riksstyrkane berre hadde som mål å overleve. Dermed vart scenarioet på sett og vis ein "Deathmatch" der den av spelarane som hadde overlevande figurar vant.

Resultat:
Etter ein del sniking, posisjonering og litt skotveksling klarte "Mustela" å dekke framrykkinga til den "Sinte Mobben" på høgre flanke, samstundes som "Buriflene" og "Vigilantane" sakte men sikkert skaut "Jaktlaget" og "Fiskarlaget" i fillebitar. Når mobben til slutt kom i possisjon til å angripe vart "Troppleiinga" og dei resterande soldatane fullstendig overmanna grunna antallet sinte bønder, sjølv om dugleiksnivået var mykje lavare.   



Lærdom eg kan trekke ut frå første spelinga:

  • Det tok ikkje mange rundane før spelarane vart veldig opptekne av å snike seg omkring, samtidig som dei nytta terrenget aktivt. Kombinasjonen av sårbare figurar og kraftige våpen hadde ønska virkning.
  • Laga var litt ubalanserte med fordel til Grenselandet, sjølv om soldatane frå Riket var både betre utrusta og trente.
  • Dugleiken "Snike Seg" vart nytta flittig av begge partar, og burde heilt klart ha ein plass på framsida av rolleskjemaet. I samarbeid med spelarane formulerte eg også eit par nye mellombelse reglar for dugleiken.
  • Dette spelet vart spelt med "åpent oppsett" og "åpne flytt" der begge hadde full oversikt over slagmarka, på samme måte som i dei fleste miniatyrspel. Begge spelarane var einige om at det kanskje ville vore artigare - og mykje meir spanande - om me nytta både "skjult oppsett" og "skjult flytt", noko me skal prøve ut på neste testspeling.
  • Karta er viktige. Skissekartet hadde få detaljar, spelarane tolka det ulikt og me måtte stundom stoppe opp og definere terrenget tydeligare. Det skal bli veldig spanande å teste ut det ferdige Ruinkartet for å sjå om det gjer tolkingane til spelarane meir likearta.



Alt i alt var det ei veldig positiv oppleving å få testa ut metode og mekanikk i praksis, og eg ser fram til neste økt!