Ut frå statistikken for sist veke kan eg med glede lese at det faktisk finnes eit par folk der ute som følger med på det eg skriv! Det er stor stas, så derfor held eg fram:D
Først litt frå røynda;
Det har vore ei travel veke, plutseleg er det søndag ettermiddag att, og derfor på høg tid å skrive eit nytt innlegg, for eg trur nemmeleg at ting som regelmessige oppdateringar kan være med på å halde på lesarane…
Den siste veka har størsteparten av tegnetida mi gått med til å tegne figurar til delprosjektet eg skreiv om i innlegget "6) Røynda" , og i skrivande stund er 23 slike halvsider ferdig tusja og scanna. Om nokre veker har eg tenkt å presentere dette delprosjektet meir inngåande, men eg føler at det er ein del andre ting som må skrivast om først…
Vidare i dette innlegget vil eg halde fram med å skrive om arbeidsprosessen, med utgongspunkt i innspela frå brukarane på Hyperion- forumet.
"Fri Flyt- fasen":
Som antyda i tidlegare innlegg så la eg, i dei første åra med arbeid, ingen band på meg i forhold til kva eg valgte å jobbe med på Fantasifjas- prosjektet. Den eine ideen var i prinsippet like god som den andre. I praksis førte det til at eg den eine dagen kunne arbeide med "Den store fortellinga", den neste dagen kunne gå med til å utforme "Dampdepartementets organisasjonsstruktur", for så å hoppe over på lister over "ferdigheiter som passar for Filosofar i Storebroprosjektet", og så å bruke heile veka etter til å fabulere fram den merkelege sirkusbyen "Triangelurum, i Tåkefyrstedømet Elvheim".
"Ovenfra og Ned- fasen":
På nyåret i 2009 byrja eg bli klar for å skifte arbeidsmetode, frå rein inspirert idemyldring - og organisering av idear i etterkant - til eit meir presentasjonsretta fokus. Etter litt prøving og feiling gjekk eg for å velge ut ein region som eg konsentrerte meg om, og forsøke beskrive denne - i tekst og illustrasjonar - med ein baktanke om at materialet eg produserte skulle ende opp som einslags presentasjon.
Først starta eg med eit oversiktskart over hovudlandmassen, med vekt på "Det Staselege Riket":
Så var det berre å finne fram forstørrelsesglaset! Ut får notata minne på det som eg har kalla "Den Store Fortellinga" var det naturleg å fortsette med å teikne eit oversiktskart over Fyrstedøma i regionen som går under namnet "Tåkeheimen":
Vidare bestemte eg meg for å ta for meg regionen der det som kan kallast starten, sjølv om dette med "start" sjølvsagt er noko som kan problematiserast og diskuterast i det uendelege, på "Den Store Fortellinga" gjekk føre seg; "Tåkefyrstedømet Elvheim":
Når geografien i Elvheim var på plass byrja eg med eit delprosjekt som eg nytta mesteparten av hausten 2009 på:
"Ballongmaleri i Solnedgang".
Eg såg for meg eit scenario der det kjente landskapsmålar- radarparet Thorstein Tiedemand og Guldebrand Guude vart hyra inn av "Rikskartverket" for å lage ein påkosta serie landskapsmaleri av dei viktigaste bygdene og byane i Fyrstedømet Elvheim. Til saman 16 slike oversiktsbilete vart teikna den hausten (markert på Elvheimkartet med raude sirklar) og i seinare tid har eg supplert med enda fleire. Her er nokre eksempel på korleis dei vart sjåande ut (markerte med orange bokstavar på kartet):
A) "Munning"
B) "Triangelurum" (sidan den byen vart omtala over i teksten):
C) "Nye Elvesalen"
I dette delprosjektet la eg hovudvekta på "skildring". Eg skildra landskap og busetnad gjennom illustrasjonar, og eg skildra ting som folkeferd, folkekultur, styresett og historie som tekstmasse, men det mangla enda mykje før eg følte materialet var "presentabelt". Det eg hadde laga var vel eislags "sourcebook" for regionen, men utan å ha noko spel å knytte den opp mot… noko som førte meg over på enda eit delprosjekt; "Grenselandet" (markert med ein grøn sirkel på kartet), noko eg vonar å freiste beskrive det nermare i neste innlegg.
Forresten: om du som leser dette finn skriveriene mine interessante, så vis det gjerne med litt tilbakemelding... det vert alltid sett pris på!